Web Analytics Made Easy - StatCounter

Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong

Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre. Ei familiebedrift som går på skinner og er i stadig utvikling. Eit nytt bekjentskap for mange av oss i Ulstein Rotary, der vi lot oss imponere over kva nokre få eldsjeler kan få til. 


I 2020 flytta bedrifta frå Haugsbygda i Sande til Leikong i Herøy kommune. PROAS AS vart starta i 2001 av Reidar Håvik som ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar og teakdekk til båtar. Etter nokre år kom sonen Roy Endre Håvik med, og produksjonen vart utvida  til å gjelde reparasjon, ombygging og nybygging av båtar, so vel som produksjon av utstyr i syrefast stål og aluminium. Fram til «oljekrisa» var om lag halvdelen av produksjonen samansett av underlevering av mob-båtar i glasfiber. Sidan vart snikkarverksemda avvikla og produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar/arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber. Dei lagar alt av utstyr i stål og aluminium til båtane som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leiderar med meir. Og dei har samarbeid med andre lokale firma for å få levert ein komplett båt.


Filosofien deira er bygd på at fartøyet "proa" er ein del av maritim historie. Denne type fartøy symboliserer menneskets oppfinningsevne og tilpassing på sjøen.

Dei arbeider proaktivt med å ta stilling til korleis framtida vil sjå ut, og tek avgjersler for at ein på best mogleg måte kan handtere den framtidige situasjonen innan sitt fagområde.

Vi fekk omvisning i produksjonslokale og kontorbygg, og innblikk i firmaet sin rike produksjon. Dei er i dag 8 tilsette, og kunne gjerne vore fleire, men på lik linje med andre er rekruttering ei utfordring. Vi takkar for god mottaking og ynskjer lukke til med vidare arbeid.









 
Dugnad på Bugardshuken!

6. september 2017

Dugnad på Bugardshuken!

Med pågangsmot, innsatsvilje, god tru og ei solid dose sjølvtillit er det meste mogeleg. Etter berre to byggtekniske dugnadar hittil i september, er vi særs nøgde framdrifta i gapahukprosjektet Bugardshuken!

Byggingen er i gang!

28. august 2017

Byggingen er i gang!

Da er vi i gang med å sette opp Bugardshuken, dette blir spennende!

Ulstein Mannskor

15. november 2015

Ulstein Mannskor

Vi fekk både flott song og sjå historiske bilder frå Ulstein Mannskor.
Video: Jan Einar Saunes

Besøk hos Grim og Gryt Økobryggeri

5. januar 2015

Besøk hos Grim og Gryt Økobryggeri

Lærerikt og gode smaksprøver.
Video: Jan Einar Saunes

På besøk hos Hareid Rotaryklubb

2. juni 2014

På besøk hos Hareid Rotaryklubb

Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

27. oktober 2012

Jarle Osnes - Med kunsutstilling i høve sin 90års dag!

Bilder: Njål Vikanes

Fjelltur til Muldalen

25. september 2011

Fjelltur til Muldalen

Video: Jan Einar Saunes

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

28. juni 2010

Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet

Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes

Krabbefest i Eiksund

7. september 2007

Krabbefest i Eiksund

Foto: Njål Vikanes

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

27. juni 2005

Borgarøya saman med Herøy Rotary + Presidentskifte

Bilder: Njål Vikanes