Web Analytics Made Easy - StatCounter

Sivertstøl Film

Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl, mannen bak selskapet Sivertstøl film i Gursken. Han har lang fartstid i NRK gjennom sitt samarbeid med Oddgeir Bruaset i den høgt skatta serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Tor fann etter kvart ut at han ville vere meir fri til å gjere det han ville, så han sa opp i statskanalen. 


Han ville då lage ein film om mørketidslyset og laga «Lysleite» i 2013. Dette gjennom firmaet Tindefilm. Dei vann Gullruten 2014 med den filmen. Olav på Kvipt er eit anna prosjekt som Tor er godt kjend for. Han slutta i Tindefilm i 2022, og begynte då heilt for seg sjølv i selskapet Sivertstøl film.


Vi har 18 vakre nasjonale turistveger. Serien «Nasjonale turistvegar» på NRK er ein ide Tor hatt sidan han kjørte veglangs med Oddgeir Bruaseth. Men han ville det skulle vere ein annleis serie. Han syns det vert for mykje gjenbruk av kjende ansikt på skjermen. Han ville ha eit nytt ansikt og ein person som opplevde reisa og evna å formidle dette til sjåarane på ein engasjert måte. Ideen vart liggande lenge for det var ikkje lett å finne ein som kunne fylle rolla.  Heilt til han møtte Britt Polden. Tor har vore i bransjen sidan 90-talet, og seier at han aldri har aldri truffe ein person som er så heilt seg sjølv framfor kamera.


Serien har fått gode sjåartal, og her er mykje stoff å ta av så han emner på ein sesong 2. Det er ikkje gjort endeleg avtale, men han har god dialog med NRK.


Det ligg mykje arbeid bak ei episode. Der er fem kameraer (derav ei drone) i sving i serien, men berre ein fotograf. Tor er opptatt av å vere mest mulig sjølvhjelpt.Dei brukte omlag ei veke på opptaka i Lofoten. Så bruker han ca tre-fire veker på å klippe ei episode, og mykje finkorrigering etter det. 


Serien vert finansiert med lisensinntekter til Sivertsstøl sitt selskap. Han rekner med at dei neste par åra vil gå med til denne serien, men jobber parallelt med eit par andre prosjekt i samarbeid med Filmmakeriet på Larsnes. Ein kan kje gape over for mykje i gangen seier Tor med eit breidt smil. Det var ein spennande og svært interessant time og spørsmåla til filmskaparen var mange. Det same var takk, lovord, ros og lykkeønskning på vegen vidare.


 
Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

15. juni 2026

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.

Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år

Synfaring til dei nye omsorgsbustadane

9. mars 2026

Synfaring til dei nye omsorgsbustadane

På besøk til dei nye omsorgsbustadane i sentrum