Sivertstøl Film
Ein inspireande time med filmskapar Tor Sivertstøl, mannen bak selskapet Sivertstøl film i Gursken. Han har lang fartstid i NRK gjennom sitt samarbeid med Oddgeir Bruaset i den høgt skatta serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Tor fann etter kvart ut at han ville vere meir fri til å gjere det han ville, så han sa opp i statskanalen.
Han ville då lage ein film om mørketidslyset og laga «Lysleite» i 2013. Dette gjennom firmaet Tindefilm. Dei vann Gullruten 2014 med den filmen. Olav på Kvipt er eit anna prosjekt som Tor er godt kjend for. Han slutta i Tindefilm i 2022, og begynte då heilt for seg sjølv i selskapet Sivertstøl film.
Vi har 18 vakre nasjonale turistveger. Serien «Nasjonale turistvegar» på NRK er ein ide Tor hatt sidan han kjørte veglangs med Oddgeir Bruaseth. Men han ville det skulle vere ein annleis serie. Han syns det vert for mykje gjenbruk av kjende ansikt på skjermen. Han ville ha eit nytt ansikt og ein person som opplevde reisa og evna å formidle dette til sjåarane på ein engasjert måte. Ideen vart liggande lenge for det var ikkje lett å finne ein som kunne fylle rolla. Heilt til han møtte Britt Polden. Tor har vore i bransjen sidan 90-talet, og seier at han aldri har aldri truffe ein person som er så heilt seg sjølv framfor kamera.
Serien har fått gode sjåartal, og her er mykje stoff å ta av så han emner på ein sesong 2. Det er ikkje gjort endeleg avtale, men han har god dialog med NRK.
Det ligg mykje arbeid bak ei episode. Der er fem kameraer (derav ei drone) i sving i serien, men berre ein fotograf. Tor er opptatt av å vere mest mulig sjølvhjelpt.Dei brukte omlag ei veke på opptaka i Lofoten. Så bruker han ca tre-fire veker på å klippe ei episode, og mykje finkorrigering etter det.
Serien vert finansiert med lisensinntekter til Sivertsstøl sitt selskap. Han rekner med at dei neste par åra vil gå med til denne serien, men jobber parallelt med eit par andre prosjekt i samarbeid med Filmmakeriet på Larsnes. Ein kan kje gape over for mykje i gangen seier Tor med eit breidt smil. Det var ein spennande og svært interessant time og spørsmåla til filmskaparen var mange. Det same var takk, lovord, ros og lykkeønskning på vegen vidare.

3. oktober 2022
Ulstein Brannstasjon
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Besøk på det nye helsehuset på Hareid
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
18. september 2022
Distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island
Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!
29. august 2022
Besøk av DG Gunhild Aalstad
Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).
22. august 2022
Kaffimøte
Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.
15. august 2022
Åpning av Rotaryåret 2022/2023
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
Presidentskifte
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø
30. mai 2022
«Ecologically restorative urchin aquaculture»
Denne kvelden fekk Ulstein Rotaryklubb besøk av Brian Tsuyoshi Takeda, grunnleggjar og administrerande direktør i det globale selskapet Urchinomics, som har hovudkontor i Ulsteinvik.