Åpning av Lisjevatnhuken på Søndag! :)
I løpet av 2017-2018 har Ulstein Rotaryklubb, saman med samarbeidspartnarane Ulstein Frivilligsentral, Flyktingtenesta i Ulstein og Sørøyane Røde Kors, bygd ein gapahuk ved Lisjevatnet i Ulsteinvik. Dette er den andre gapahuken som no vert overlevert til glede for turfolket i regionen.Søndag 07.10.18 kl. 14:00 vert det arrangert formell opning ved Kultursjef Leif Ringstad.
I tillegg vil Ulstein Rotaryklubb nytte høvet til å heidre mannen som har vore primus motor bak mange av dei nye turvegane i Ulsteinfjella – Lindor Skeide – med utdeling av den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen.
Vi fyrar opp bålpanne og serverer kaffi og noke å bite i til alle dei frammøtte.
Vel møtt!
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963