Bedriftsbesøk frå Conplan
Solid vekst og lokal suksess for ingeniørbedrift
Sidan starten i 2005 har bedrifta vakse frå tre til 13 tilsette. No leverer dei solid kvalitet og ekte sunnmørsk kremmerånd til store prosjekt i regionen. Dagleg leiar Idar Moldskred og sivilingeniør Bertil Kristiansen orienterte ei lydhør forsamling då dei var på besøk i Ulstein Rotaryklubb
Stor vekst i kompetanse
Det har skjedd mykje sidan oppstarten i 2005. Då var dei berre tre tilsette. I dag tel staben 13 personar. Heile åtte av desse er sivilingeniørar.
Dette viser den enorme utviklinga i bransjen. Det har også vorte mykje større krav til kvalitetssikring og dokumentasjon i dag. Selskapet har eit ungt og sterkt fagmiljø med djupe lokale røter.
Lokale eigarar
Eigarskapet i bedrifta er lokalt forankra. Aksjane er fordelt på Idar Moldskred, Stig Longva og Bertil Kristiansen.
Økonomien i selskapet er solid. Både omsetnaden og bruttofortenesta held fram med å vekse.
Byggjer for store aktørar
Bedrifta har flest private kundar. Likevel samarbeider dei ofte med store entreprenørar som Veidekke, Nordang og Risebygg. Den offentlege marknaden er vanskelegare for mindre bedrifter på grunn av strenge innkjøpsordningar og rammeavtalar.
Firmaet har hatt mange store oppdrag i Ulstein og Ålesundregionen. Dei har blant anna vore med på å byggje hotell i både Ulstein og Fosnavåg.
Presentasjonenbaud på fine bilete av prosjekta, og dei engasjerte føredragshaldarane fekk mange spørsmål frå salen.
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963