Synfaring til dei nye omsorgsbustadane
Vi var så heldige å få god presentasjon og omvisning i dei nye bustadane før dei vart tatt i bruk.
Vi fekk orientering om dei nye butadane og litt om korleis kommunalsjef Kristin Vik ser for seg drifta av desse framover. Ho meiner at Ulstein kommune er relativt godt rigga for behova framover, men at dei som alle andre ikkje har full oversikt over det som måtte kome i vår omskiftelige verd.
Det var ei engasjert forsamling og vi var glade for å få sjå dette flotte bygget før dei tok det heilt i bruk. Heimetenesta har base her, og dei hadde såvidt flytta inn.

9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet