Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Frå to klasser til stor vidaregåande skule: Ulstein vgs ser framover
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet
Ulstein vidaregåande skule har hatt ei stor utvikling sidan starten i 1971
Sjølv om framtida vil bringe færre elevar til fylket, står skulen i dag støtt med stabile søkjartal.
Skulen starta opp i Bjørndalsminne i Ulsteinvik i 1971. Då var namnet Ulsteinvik gymnasklasser, og skulen hadde berre to klasser. Elevane måtte ta eksamen som privatistar.
I 1976 fekk skulen namnet Ulstein vidaregåande skule, og året etter flytta dei inn i nye lokale på Høddvoll. Sidan den gong har skulen vakse mykje.
Skulen i dag
I dag er Ulstein vidaregåande skule ein stor og viktig skule i regionen:
- 28 klasser og 560 elevar.
- Omlag 100 tilsette.
- Mange ulike fagtilbod, som idrettsfag, elektro, sal og reiseliv, og studiespesialisering.
Framtida bringar endringar
Talet på elevar i fylket kjem til å gå ned i åra som kjem. Søre Sunnmøre vil merke dette særleg godt utover 2030-talet, og nedgangen her vil bli bratt.
Førebels merkar ikkje skulen noko til dette. Ulstein vidaregåande skule har i dag stabile søkjartal, godt inntak og gode tal for elevar som fullfører og bestor. Det er dei framtidige søkjartala som vil bestemme kva fag skulen skal tilby framover.
Møtet vart avslutta med at presidenten takka rektor Margaret Alme for eit interessant føredrag.
Tre nye medlemmar vart også tatt opp i klubben denne dagen :)

26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963