Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
Norske Redningshundar (NRH) utdannar hundar og førarar til redningstenesta. I Møre og Romsdal står 35 godkjente hundeførarar klare til innsats.
NRH er ein frivillig organisasjon som søkjer etter sakna personar. Arbeidet deira byggjer på samarbeid, ansvar og respekt. I Møre og Romsdal har organisasjonen tre lokallag: Nordmøre, Ålesund og omegn, og Ørsta og omegn.
Dei 35 godkjente førarane i fylket er spesialistar på ulike søk. Dette gjeld vanleg ettersøk, snøskred og søk i ruinar (USAR).
Strenge krav til utdanninga
Det krevst mykje trening for å bli godkjent. Her er nokre av krava:
- For føraren: Du må vere fylt 16 år for å starte utdanninga, og 18 år for å ta eksamen.
- For hunden: Hunden må vere 12 månader for å ta den første testen, og 24 månader for å ta eksamen.
President Stig S Riise takka for besøket og ein lærerik time
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963
