Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
Opplæringskontoret starta i Hareid kommune for over 30 år sidan. I dag er fleire kommunar med i samarbeidet. Kontoret har 22 medlemsbedrifter og tre tilsette. Dei følgjer opp lærlingar i fem ulike fag. Mottoet deira er «Berre ein telefon i frå».
Gode resultat
Totalt har 713 lærlingar vore innom kontoret sidan starten. Resultata viser at opplæringa held høg kvalitet:
- 455 lærlingar har fått karakteren Bestått.
- 133 lærlingar har fått karakteren Bestått meget godt.
Pengane til drifta kjem frå staten og fylket. Økonomien til kontoret er stabil og god.
Fem vegar til målet
Det finst fem ulike måtar å få fagbrev på gjennom kontoret. Dette gjer det lettare for fleire å finne ein veg som passar. Dei tilbyr alt frå vanleg lærlingordning for ungdom til ordningar for vaksne i jobb.
Kontoret samarbeider tett med skular, NAV og fylkeskommunen. Dei jobbar også hardt med å lokke til seg nye lærlingar. Det gjer dei gjennom sosiale medium, messer og skulebesøk. Målet for framtida er å bli endå meir synlege i regionen.
Past president Thor Martin Eidem takka Ann- Mari Pilskog for besøket og eit interessant foredrag.
26. april 1963
Charterfesten 26 April 1963
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963