Web Analytics Made Easy - StatCounter

Vil du skal kjenne deg herifrå..

DDet nystarta selskapet «Herifra» vil samle alt det lokale reiselivet på ein felles og enkel stad.

Det fortel dagleg leiar Petter Faye Rundereim og leiar for sal og marknad Remi Kvalsvik. Dei to står bak det nye selskapet som har etablert seg på Hareid.
I dag må folk gjerne bruke Google for å finne fram til opplivingar, og informasjonen er spreidd over alt. Det gjer det vanskeleg for små, lokale aktørar å nå ut.
– Visjonen vår er at vi skal verte Finn.no for reiseliv, seier dei to gründerane.

Vil hjelpe dei små bedriftene
I dag går så mykje som 30–40 prosent av ressursane i reiselivet til eksterne aktørar. Det vil Herifra gjere noko med. Det skal vere heilt gratis å bli med, men Herifra tek fem prosent av det bedrifta tener på kvar handel.
Målet er å samle både opplevingsarrangørar, overnatting og servering. For bedriftene skal alt skje av seg sjølv, med enkel nettbetaling og synleg oversikt over kva som er ledig.

Gode minne frå kortreiste turar
Ideen handlar også om ekte kjensler og gode opplivingar. Dagleg leiar Petter Faye Rundereim hugsar best dei nære turane frå han var barn.
– Det er ikkje sydenturane eg hugsar best, men dei kortreiste turane der eg fekk oppleve det nære, og vere til stades saman med andre, fortel han.
Dei ynskjer å gjere ein stor forskjell for det lokale reiselivet. Målet er klart og tydeleg for alle som bruker den nye programvara:
– Same kvar du kjem frå, skal du føle at du er herifrå.

Klar for å vekse
Førebels driv dei to selskapet ved sidan av fulle jobbar. Planane framover er likevel store. Dei har konkrete planar for å vekse, og jaktar no på fleire investorar som vil bli med på reisa.
Det var stor interesse og mange spørsmål då selskapet vart presentert. Vi ynskjer dei lukke til på vegen vidare!

Du kan lese meir om selskapet på www.herifra.no.

 
Rotarytur til Trandal

9. mai 2002

Rotarytur til Trandal

Bilder: Njål Vikanes

Charterfesten 26 April 1963

26. april 1963

Charterfesten 26 April 1963

Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb i 1963