Web Analytics Made Easy - StatCounter

Ulstein Historielag med John Osnes (Åpent referat)



Presidenten innleia møtet med å ønske leiar for Ulstein historielag, John Osnes, velkomen.

Osnes starta sitt foredrag med å skryte av Ulstein Rotary, som gjer eit stort samfunnsgagnleg arbeid. Osnes meiner at klubben har vore ein viktig samfunnsaktør sidan han vart skipa på 60 talet.

Som æresmedlem i Hødd, er Osnes glad for at Hødd monumentet er Ulstein Rotary si hovudsak i 2019. 
Han har allereie sponsa monumentet med eit beløp, og oppfordrar klubben til å gjere det ålment kjent at det er ein innsamlingsaksjon på gang.

John Osnes har som veterinær reist mykje rundt, og ein av hobbyane hans har vore å samle inn munnlege historier, derunder frå ulike lag og organisasjonar.

Når det gjeld historielaget så vart dette skipa første gong i 1947, men vart skipa oppatt i 1997. 
Formålet til historielaget er mellom anna å skape interesse for, og innsikt i vår lokale historie, samt å auke kunnskapen om vår lokale kulturarv.

Styret til historielaget består i dag av:
Leiar: John Osnes og styremedlemmane: Erling Ove Flø, Brita Waage Linge, Aksel Garshol,
Solveig Kristensen, Inge Håkonsholm. Vara til styret er Guri Alme og Rune Brandal.

Mange av dei som var med på skipingsmøtet i 97 er fortsatt med i historielaget.
Historielaget har gjeve ut boka «Levd Liv» kvart år sidan 2005. 

Dette er i følgje Osnes eit godt årsskrift, som har gode salstal. 

Det er ei eiga redaksjonsnemnd for boka, som består av mellom andre Aksel Hauge og Rune Ulfstein. 
Det har vore mange artiklar om ulike organisasjonar i «Levd Liv», men historielaget saknar ein artikkel om Ulstein Rotary, 
og oppmoda klubben om å skrive ein slik artikkel.

Riksantikvaren har pålagt alle kommunar å utarbeide ein kulturminneplan. 
Ulstein historielag samarbeider no med kulturetaten i Ulstein kommune om å utarbeide ein slik plan. 
Osnes viste til at dette er eit viktig arbeid, då kulturminne er identiteten vår og må takast vare på. 
Dette gjeld både for materielle og immaterielle kulturminne. 

Johan Ottesen er redaktør for dette arbeidet og laget er i godt i gang med å samle inn materiale.

Historielaget arrangerer kulturhistoriske vandringar, og hadde mellom anna ei vandring på
gamleeidet i fjor. Der såg dei på området der ein tok ut torv i gamle dagar. 
Ettersom det ikkje var tre på øya, måtte innbyggarane nytte torv til å fyre med. 
Det stod over 30 torvsjåar på eidet, men ingen av desse eksisterer lenger. 

Historielaget arbeider no med å få sett opp ein slik torvsjå og Otto Kjetil Nytun hjelper til med å teikne og prosjektere ein slik. 
Osnes fortalde vidare at alle dei store gardsbruka i Ulsteinvik hadde torvrett, som var ein tinglyst rett. 
Etter at Harald Saunes starta å importere koks og kol kring 1953-54 var det imidlertid slutt på torv-spainga.

Når det gjeld historielaget sine aktivitetar framover så skal dei ha eit foredrag med Bjørn Johnsen
Dale den 23. januar, som skal fortelje om borgarseta. 
Den 27. februar arranger laget ein humoristisk kveld der mellom andre Knut Arne Høyvik kjem for å fortelje gode historier.
14. mars skal laget delta på eit møte på Senioruniversitetet der ein skal snakke om Hødd og kva klubben har betydd for identiteten til Sunnmøre og Ulsteinsamfunnet.
Seinare på året skal det arrangerast kulturhistoriske vandringar, mellom anna frå Strandkrysset til Hasund og ei på Høddvoll.

I følgje Osnes er eit av dei viktigaste kulturminna i Ulsteinvik Petterbakken. 
Grenda i løa daterer seg tilbake til 1503, og borgstova ved sidan av er middelalderlaft.

Avslutningsvis understreka Osnes viktigheita av å samarbeide med andre organisasjonar og at ein framsnakkar både folk og lag.

Presidenten takka John Osnes for eit flott foredrag og overrekte ei lita gåve.

http://www.ulsteinhistorielag.no/

Fullt møtereferat (for medlemmer): Link



 

22. juni 2026

Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president

Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

15. juni 2026

Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy

Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.

Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år