Web Analytics Made Easy - StatCounter

Reiseskildringar ved Ivar Mork (Åpent referat)

Utdrag fra referat:

Vikar- president Otto Kjetil Nytun opna med å ønske Ivar Mork og gjestane velkomne, og ga deretter ordet til Mork.
Ivar Mork fortalde at hass store interesse er å reise rundt i verda og helst til land der turismen ikkje er so utvikla. 
Dette er land der turistar er velkomne og befolkninga er gjestfrie og kjekke.

Denne kvelden tok Ivar Ulstein Rotaryklubb med på ein spanande tur til Nord- Korea.

For å kome seg dit må ein for det første ha eit visum, deretter forplikte seg til å ikkje drive kommersiell verksemd. 

Dersom ein er journalist må ein ha eit eige visum. 

Ivar nytta selskapet Penguin Travel, som er eit selskap han har brukt på fleire av sine turar. 
Dei organiserer turar for små grupper med maks 12 personar. 
Å reise i små grupper gjev i følgje Ivar eit anna perspektiv på dei landa ein besøker.

Det er 3 moglege inngangar inn til Nord-Korea, den eine vegen er frå Vladivostok, via Dandong i Kina (der den kinesiske muren sluttar i aust), eller via fly eller tog frå Beijing.
Ivar reiste frå Beijing og møtte resten av reisefølgjet der, før dei fortsette med tog via Dandong til Pyongyang.

Dandong er ifølgje Ivar ein artig by, med mykje lyssky business. 
Byen er tvers igjennom kinesisk, og du finn ikkje eit einaste engelsk skilt her. 
Det er ein by som er veldig populær for kinesiske turistar, som driv ein slags sosial-pornografisk turisme. 
Hit tek dei med familie for å sjå over til Nord-Korea. 
Ein kan også leige båt og «suse» oppover elva. 
Rett over elva på Nordkoreansk side ligg det ein grisefarm, slik at det er ei frykteleg griselukt. 
Kinesarane seier at det er slik det luktar i Nord- Korea.

I Ivar sitt reisefølgje i Nord-Korea var det 14 stk. 
Før dei fekk kome om bord i toget til Pyongyang måtte dei gjennom passkontroll med 10 Nordkoreanske tenestemenn med høge hattar, noko som var litt av ei oppleving. Reisefølgje vart behandla som kongar i motsetnad til kva dei vart av kinesiske tenestemenn.
Toget vart etter kvart borda av grensevakter i flotte uniformer, som beordra passasjerane om å leggje fram alt dei trudde kunne vere problematisk, derunder bøker, fotoapparat, videokamera, filmar og bøker. Ivar si guidebok vart beslaglagt med den grunngjevinga at alt som stod i den var lygn…

Turen til Pyongyang var lang og dei var ikkje framme før over midnatt. Det var ikkje eit einaste lys i byen, som difor var kolmørk. På stasjonen vart følgjet møtt av 2 guidar, i tillegg til ein kameramann angiveleg frå kringkastinga. Sistnemnde skulle filme følgjet under heile turen….
På hotellet var det ei eiga etasje berre for utlendingar i 27. etasje. Hotellet var særs flott og med alt du kunne tenkje deg av butikkar. Roma var også i flott 70- tals design.
Kl. 07.00 morgonen etter bar det av garde til Myohyang der Nord-Korea sitt heilage fjell ligg. I Myohyang besøkte følgjet eit stort museumskompleks som inneheld fleire utstillingshallar med gåver som er gitt til landets tidlegare leiarar frå ulike utanlandske delegasjonar). Her var det hagler, IBM PC frå 80-talet, te-service, russiske bilar frå 50-talet og eit fly. I nærleiken av museet ligg det og eit buddhist tempel.
Køyreturen tilbake til Pyongyang var ifølgje Ivar noko for seg sjølv, då vegane er i ufatteleg dårleg stand. 
Tilsvarande for bussen av kinesisk merke, som heldt ei gjennomsnittleg fart på 40 km i timen. På vegen tilbake rakk dei også ein liten fjelltur i vakker natur.
Dagen etter var den store dagen, då dei skulle få sjå på «Gude kongane» der dei låg i mausoleet sitt i Kumsusan minnepalass. Der ligg bestefar og far til Kim Jong-un. Her byrja guidane å bli nervøse, ikkje berre var det streng kleskode, det er heller ikkje lov til å smile eller lage grimasar når ein vitjar mausoleet. 
I tillegg var det strenge instruksjonar med omsyn til kroppsspråk og gange, og ein måtte gå 2 og 2, side om side på veg inn. Bestefaren til Kim Jon-un ligg i ein krystall sarkofag i ein enormt stor sal. På signal frå guiden måtte følgjet bøye seg i respekt frå ulike sider.

Neste dag gjekk turen for følgjet ned til grensa til ein by som heiter Kaesong, der ein finn den demilitariserte sona. 
Dette er ei buffersone og ei grense mellom Nord- og Sør-Korea. 
Byen er ein tradisjonsrik by med mange verdsarv attraksjonar. 
På vegen dit køyrde følgjet i ein buss på ein motorveg som var minst 100 meter brei og med 6 eller 8 køyrefelt. 
Det rare var at dei ikkje møtte ein einaste bil på vegen.
Langs vegen var det mange soldatar, også før kvar tunell. 
I følgje Ivar er 25% av befolkninga militære, med 3 årig verneplikt.
Det var her på grensa at Kim og Donald Trump møttes for å diskutere kven som hadde den største atomknappen og kven som kom til å trykke på den først. 
Følgjet vitja og Panmunjon- der våpenkvileavtalen som gjorde slutt på Koreakrigen vart signert. 
I demarkasjonssona har ingen av partane lov til å bere anna enn handvåpen. 
Under omvisinga vart følget eskortert av ein offiser med høge lue, i tillegg til 2 meinige for sikkerheit.

Avslutningsvis viste Ivar ein redigert versjon av filmen som den Nordkoreanske fotografen til.

Presidenten avslutta møtet med å takke Ivar Mork for ei særs interessant og artig reiseskildring, og overrakte blomar.



Referat v/Ingunn Hestnes - sekretær

Hele møtereferatet finn medlemmene her: Link

 
Fin medlemstilvekst :)

9. juni 2026

Fin medlemstilvekst :)

Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

1. juni 2026

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre

Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

11. mai 2026

Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring

så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

4. mai 2026

Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal

Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

27. april 2026

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming

Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.

Vil du skal kjenne deg herifrå..

13. april 2026

Vil du skal kjenne deg herifrå..

Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

23. mars 2026

Orientering om Ulstein vidaregåande skule

Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet

Fest e kjekt

16. mars 2026

Fest e kjekt

Torskemiddag har vore ein fast tradisjon i mange år

Synfaring til dei nye omsorgsbustadane

9. mars 2026

Synfaring til dei nye omsorgsbustadane

På besøk til dei nye omsorgsbustadane i sentrum

Bedriftsbesøk frå Conplan

9. februar 2026

Bedriftsbesøk frå Conplan

Spennande bedriftspresentasjon frå ei lokal bedrift