Web Analytics Made Easy - StatCounter

Brennevins-utsalet på Borgarøya (1989-1993)

Dette er nok Ulstein Rotary sitt største prosjekt opp gjennom tidene!

På gard nr. 8 Vik (Ulsteinvik), bruk nr. 2 Vikegjerdet (Låna) stod der eit gammalt hus. Dette var flytta hit frå den gamle handelsstaden på Borgarøya i om lag 1860. 

På Borgarøya hadde huset vorte nytta til brennevins- utsal.

Då Ulstein kommune tok over handelsstaden på Borgarøya på 80- talet, vende kommunen seg til lag og organisasjonar i kommunen for å få innspel til bruken og hjelp til restaurering- arbeidet.

Ulstein Rotaryklubb diskuterte saka og i mars 1989 sende klubben brev til kommunen der ein sa seg interessert i både bruk og dugnads- hjelp samt at ein kom med konkrete forslag.

Eit av desse forslaga var å flytte ei gamal brennevins- bud tilbake til Borgarøya «om det let seg gjere». Eigaren av denne buda, var Jens Ola Vik, som også var Rotaryanar

Det var semje mellom kommunen, eigaren av buda og Rotary om at prosjektet skulle gjennomførast.

Huset var i ganske bra stand og det vart bestemt at det skulle flyttast heilt. 

Førebuingane byrja våren 1990. Om hausten vart huset transportert med bil dei omlag 2 km til kaia. Ei veke seinare blei det frakta med kranlekter av Ulstein- konsernet sitt selskap Ulstein Flex, i heller dårleg ver.

På Borgarøya hadde Ulstein Rotaryklubb på førehand sett opp ein høveleg betong- sokkel.

I 1992 vart det av Rotary gjort ein heil del restaureringsarbeid på huset.

Året etter, i 1993 vart det gamle bølgeblikk- taket demontert og nytt torvtak vart lagt.

Sjå den fantastiske samlinga med bilder frå sjølve flyttinga: LINK

Kjelde: Rotary. Utklipp frå magasinet Rotary Norden.


Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...