Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kleivastova (~1970)

Rundt 1970 tok Ulstein Rotaryklubb initiativ til restaureringsarbeid i samråd med dåverande eigar, Lars P. Kleven. Restaureringsarbeidet stod Sunnmøre Museum for, Ulstein Rotaryklubb gjorde dugnadsarbeidet.

På gard nr. 27 Kleiva, bnr. 1, like ved nedkjørsla til Kleven Verft, stod det ei lita stove. 

Stova er ikkje stor, utvendig måler den  3,1 x 3,4 meter. Innvendig er høgda 2 meter ved langveggen og 3 meter opp under mønet. 

Den er laga av svære tømmerstokkar. Ein stokk inn for døra, er merka med 1640 og tilhogginga av tømmeret tyder på at det er frå tida rett etter 1600. Det vert sagt at tømmeret kjem frå Lemane, utsida av Høgåsen.

Alle stokkane er merka, så den har truleg vore flytta hit frå ein annan stad.

Dette er ei av dei eldste bygningane i Ulstein kommune og i distriktet.

Ein trur at Kleivastova har vore ei røykstove. 

https://nn.wikipedia.org/wiki/Røykstove

Alternativt kan det vere tømmerkjernen frå eit lite stabbur eller ei sengebu.

https://nn.wikipedia.org/wiki/Sengebu

Det har vore sagt at det bodde ei gammal kone i stova.

Peder Fritz Waage, Rotaryanar frå starten av i Ulstein, som sat i styret for Sunnmøre Museum, var svært interessert i dette med å ta vare på eldre bygg. Han tok initiativ til restaurering av Kleivastova i samråd med dåverande eigar, Peder Kleiven. 

Då hadde bygningen i lang tid vore brukt som saue- fjøs.

Såleis kom det til at Ulstein Rotaryklubb, Sunnmøre Museum, Ulstein kommune og eigaren, i felleskap gjennomførte eit større restaureringsarbeid i 1971, der ein representant frå Museet  stod for det faglege og Ulstein Rotaryklubb gjorde dugnadsarbeidet.

Stova vart teken frå kvarandre og sett opp att. Det vart lagt inn forsterkning i hjørna innvendig og nytt tak vart lagt.

Ein god del år seinare, var Rotary attende og beisa stova.

Etter kvart tok Kleven over eigedomen og vart såleis eigar av Kleivastova. Stova kom etter kvart i vegen for Kleven Verft sine utvidings- planar. Den 22. november 2010 vart stova flytta eit stykke unna, til Karl Kleven sin eigedom, gard nr. 27 Kleiva, bnr. 2 Klubbeneset. Dette var i samråd med grunneigarane der samt Ulstein Kommune, ettersom bygningen er verneverdig.

Det vart gjort ein avtale mellom Kleven Verft og Karl Kleven sine arvingar, der verftet organiserte flyttinga, sette opp mur og stod for naudsynt vøling. Det vart også ytt eit eingongs- tilskot til framtidig vedlikehald. 

Plassen rundt stova vart fint opparbeid og i 2013 var stova ferdig slik den no framstår.

Les sak om arbeidet til Ulstein Rotaryklubb i Vikebladet 18.11.1971: Link til artikkel

Kjelde: Rotary. Levd Liv 2009. VVP om Sunnmøre historielag si årbok 2015. Johan Ottesen. Kleven Verft ved Billy Flø.

Fotografi: Rotary (Stig SR.) av buda slik ho stend i dag.


Lars Kleven (Kleiva-Lars) budde på 27/5 på andre sida av vegen og er personen på biletet over.



Stova stod opprinnelig på Peder Kleven sin eigedom (27/1)


Kleivastova slik ho fremstår i dag (2020).







Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...