Web Analytics Made Easy - StatCounter

Kyrkjegarden på Ulstein (1969-1972)

I 1969 reiste Ulstein Rotaryklubb (URk) ein minnebauta på kyrkjegarden på Ulstein. Då Ulstein bondekvinnelag i 1972 lanserte tanken om å byggje oppatt ein kopi av den vesle steinkyrkja som hadde stått ute på Ulstein, fekk planen full tilslutning i Rotary.

På Ulstein, like ved vegen til vest og rett sør for Ulsteinelva, ligg den gamle kyrkjegarden i Ulstein kommune. Her stod det ei steinkyrkje fram til 1847/49.

Den fyrste kyrkja var ikkje så stor og alt på 1600 talet vart den utvida med eit tre- tilbygg. Kyrkja vart etter kvart for lita også etter utvidinga. Etter eit lynnedslag i 1847, fann ein det ikkje lite verdt å reparere. Den gamle steinkyrkja blei riven og i staden bygde ein ei ny og større kyrkje i tre. Denne vart ikkje ståande lenge. I 1878 var den flytta til Ulsteinvik.

I 1969 reiste Ulstein Rotaryklubb (URk) ein minnebauta på kyrkjegarden på Ulstein.

Då Ulstein bondekvinnelag i 1972 lanserte tanken om å byggje oppatt ein kopi av den vesle steinkyrkja som hadde stått ute på Ulstein, fekk planen full tilslutning i Rotary. Rotary sette også ned ei eiga nemnd til prosjektet. Men riksantikvaren meinte at atterreising av kyrkja var eit for stort prosjekt. Ein nøgde seg i staden med å lage ei markering av yttermurane i den gamle kyrkja.

Etter oppdrag frå URk, vart det sommaren 1974, frå 24.06. til 10.08.gjort arkeologisk utgravingar av Ole Egil Eide. Han fekk hjelp av 4 skuleungdomar frå Ulsteinvik.

Etter arbeidet var avslutta, forfatta Eide ein rapport som også inneheld skisser: “Innberetning til Riksantikvaren”. Datert 22.11.1974

Ulstein Rotaryklubb var også engasjert i å gi staden det park- preget som kyrkje- garden har i dag.

Kjelde: Rotary. 

Rapport til Riksantikvaren av Ole Egil Eide. 





Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...