Presidenten i Ulstein RK presenterte styret for 2019-2020, kommiteane, mål og planar,
medlemskapskommité, ungdomsarbeidskommité, informasjons- og
kommunikasjonskommité, lokal og regional prosjektkommité.
Distriktsguvernøren var veldig nøgd med å ha hatt møte med tre bjørnar, Bjørn Gunnar frå Ulstein, Bjørn Martin frå Herøy og Bjørn Teigene frå Hareid. Ho informerte om rolla til guvernør og assisterande guvernør. Ass. Guvernør skal kontaktast om ein treng støtte frå distriktet, søkje midlar etc.
Guvernør skal vidarebringe informasjon frå Rotary internasjonal. Vi er ein stor organisasjon, 1,2 millionar, som veks mykje i Østen, som til dømes India. Rotary connects the world er årets tema, og guvernøren har tru på at Rotary-nettverket vi har både lokalt og internasjonalt er til stor nytte for oss. Ho var først på opplæring i Norge med dei fem andre distriktsguvernørane, så på opplæring i Vilnius (sone 18, nordisk), og så på verdsmøte i San Diego, der distriktsguvernørane møtast kvart år. Mark Maloney frå Illinois er RI-president, og han oppfordrar Rotaryklubbar til å trekke med familiane sine inn i Rotaryarbeidet og ikkje minst i sosiale arrangement. Guvernøren var også på Rotary convention, der alle Rotarianarar kan møte. Neste år går denne av stabelen 6.-10. juni i Hawaii, og ho oppmodarar lokale rotarianarar og klubbar til å delta, då det er mange nyttige seminar.
24.oktober er verdas poliodag.
Polio er litt på framvekst i Afghanistan og Pakistan. 72 tilfelle av poliosmitte registrert i år, mot 33 i fjor. 13 av desse er i Afghanistan, og 49 i Pakistan.
Vårt distrikt bidrog med 100 000 kr, som utgjorde 400 000, sidan Melinda og Bill Gates-fondet triplar vår innsats. Poliovaksinen varer berre i ti år, og Re kommune set i gang ein revaksineringskampanje så ein ikkje skal bli smitta når ein er på reise. Polio finst enno i 50 land, og reisande kan ta med seg smitte. Polio har seineffektar, og personar om har vore smitta kan utvikle lammingar seint i livet. Det er difor viktig å oppretthalde fokuset på å utrydde polio.
Sist år 27 usd pr person, 47.824
Global grants: Kun eit lokalt: Armenia Gümri – Hareid RK – mor-barn klinikk.
Distriktet har 87000 som må brukast til global grants
Ca 100 000 tilgjengelig til desse stipenda, Peru-prosjektet har fått midlar og vi har fått til gapahukane.
Samfunnsengasjement er viktig, og kan kvalifisere til district grants. Guvernæren oppmodar oss til å søkje.
Land RK tok imot ungdommane først, sende dei til Dombås, der dei vart henta av Sunmmørsklubbane.
Vi har kun to ute i vårt distrikt, guvernøren vil løyve 10000 kroner til klubbane som tek imot.
Norfo hadde dette fondet, som vart overført til vårt distrikt. Midlane skal brukast til ungdom og tiltak, og statuttane skal vedtakast på årsmøte 22.09. Distriktet har også fått 400 000 frå NORFO som no skal delast ut. Ingen søknadsfrist.
Aldersprofilen i klubbane våre er veldig bra. Kva kan vi gjere for å tiltrekke oss generasjon Y, dvs. unge fødde frå 1980 – 2000. Desse unge treng ein sosial arena der dei kan bidra lokalt, ønskjer å kome inn i ein klubb som støttar dei opp, der dei kan seie at dette dei har vore med på å skape. Viktig at unge som kjem inn får fortelje kva dei ønskjer å bidra med.
129 slutter årlig i vårt distrikt. Mange sluttar første året dei er medlemmer, men dei fleste som sluttar har vore medlem i over ti år. Reduksjon i distriktet på 21 – 42 medlemmer årleg. Kvinneprosenten er framleis låg, best an ligg Herøy med 25 % kvinner. Guvernøren slår eit slag å rekruttere fleire kvinner.
Distriktet har mista ti klubbar sidan 1990
Gunnar Kvalsund har tatt over som kontaktperson.
Ulf Rogneby har tatt over som kontaktperson.
15. juni 2020
Bjørn Gunnar Tafjord - President i Ulstein Rotaryklubb
overrekte formelt Bugardshuken Lisjevatnhuken og
Høddmonumentet til Ulstein Kommune.
Sjå video fra overrekkelsen, med innlegg også frå Ordførar og Kultursjef i Ulstein Kommune
8. juni 2020
"You make a living by what you get...
But you make a life by what you give"
Hilde Marte og Akshat gav oss et nært innblikk i deres humanitære arbeid i India
7. juni 2020
Sjå bilder frå Charterfesten til Ulstein Rotaryklubb 26 April 1963
26. mai 2020
Påtroppende leder for programkomiteen 2020/2021 - Dagfinn Olav Bye, fekk inn mange gode idear til spanande programpostar for hausten 2020, og fleire aktivitetar er allereie booka.
18. mai 2020
Vårt første møte etter at koronaviruset stengte ned Norge 12 mars 2020.
President Bjørn Gunnar Tafjord informerte om sakene fra siste styremøtet, samt vi fekk innblikk i vårt mulige neste spanande lokale prosjekt - i samarbeid med Ulstein kommune!
12. mai 2020
Vi får endelig starte opp igjen, og vil arrangere møtene iht gjeldende smittevernregler.
Vi gler oss til Presidentens time!
14. mars 2020
Bilder av våre 18 første presidenter dukket opp i et album som tilhørte Bjarne Reite - Ulstein Rotaryklubb sin første president (1963-64)
12. mars 2020
På grunn av dei smittevern-restriksjoner som blei innført i Norge i dag - 12 mars 2020, så innstilles fysiske møter i Ulstein Rotary inntil videre.
Vi håper alle på at dette blir kortvarig!
9. mars 2020
Besøk av Birgitte Fondevik og Magne Grimstad jr.som fortalte om prosjektet og det mangfaldige arbeidet ekteparet driv i den vesle byen Himo ved foten av det høgste fjellet i Afrika, Kilimanjaro i Tanzania.