Presidentens time

Presidenten starta møtet med å ønske dei 22 frammøtte medlemene velkomne.
Han gjekk så vidare gjennom sakene som var oppe i styremøtet i forkant av
medlemsmøtet:
-PETS
(President Elected Training Seminar) for Distrikt 2305 vert på Dombås 14.-15.
mars 2020. PETS
er eit obligatorisk opplæringsprogram for innkomande klubbpresidentar. Vidare
så vert det avholdt styreseminar
i Ålesund 28.mars for klubbane i
vest og på Gjøvik 18. april for
klubbane i aust. Styreseminaret består av generell kursing av innkomande
styremedlemer og har spesielt tilrettelagde kurs for innkomande kasserar,
sekretær, medlemsutviklingsansvarleg, internettansvarleg (CICO) og PR/WEB
ansvarleg.
-Klubben søkte i oktober
2019 TEFT-midlar hjå Sparebanken Møre til fullfinansiering av Høddmonumentet og
fekk nyleg beskjed om at søknaden på 50.000,- vart innvilga. Det betyr at
hovudsponsoren vår til Høddmonumentet totalt har støtta prosjektet med
150.000,- Vi takkar banken for dette! Vi har også søkt District Grant midlar frå district 2305 til
same føremål. Her ventar vi på at søknaden skal verte handsama.
-Leiar i programkomiteen Otto Kjetil Nytun
informerte om programmet som er fastlagd for våren 2020.
-Klubben
må ha på plass eit nytt styre i løpet av januar 2020. Det må også arbeidast
vidare med å finne ein meir tenleg måte å rotere verv
på enn det som er tilfelle i dag. Vi ønsker å kome fram til eit system som gjer
det meir forutsigbart og samtidig lettare å handtere for det sittande styret.
Styret har fått nokre forslag og innspel på korleis dette kan gjerast. Ein bør
vidare legge opp til ein open prosess i klubben, samt sørge for at det vert
gjort eit endeleg vedtak på dette i løpet av inneverande Rotaryår!
-President la fram forslag til revidert oppsett av komiteane grunna
endringar i medlemsmassen siste halvåret.
-Klubben arbeider med å få på plass ei informasjonsskilt for
Høddmonumentet av same type som ein finn ved andre monument/skulpturar i sentrum.
Det er tenkt at skiltet skal plasserast på eit av fortaua nært monumentet og
rundkøyringa. Dette må skje i samråd med Ulstein kommune. Tegneren AS har laga
skilta til dei andre monumenta/skulpturane og har sagt seg villig til å lage
eit av same type for Høddmonumentet. Ulstein Rotary vil nytte sponsormidlar frå
Sparebanken Møre til dette føremålet.
-Vi arbeider også med å gje gapahukane og
Høddmonumentet i gåve til Ulstein kommune. Vi gjer
dette for å sikre at installasjonane vert tekne i vare og haldne ved like på
ein god og trygg måte. Ulstein Rotary stiller seg etter nærare avtale med
kommunen til disposisjon i form av dugnad/gratis arbeidstimar når det gjeld
vedlikehald. Ulstein Rotary håpar at Ulstein kommune vil takke ja til gåva!
-Ulstein Rotary fekk rett før jul ein førespurnad frå Ulstein næringsforum om ta ansvar for lysdekoreringa i sentrum til advent/jul. Styret gjorde vedtak om at vi ikkje kunne gå inn på ein slik avtale med Ulstein næringsforum.
Referat v/president Bjørn Gunnar Tafjord
2. september 2019
Kaffemøte med informasjon fra presidenten.
Informasjon fra styremøte, presentasjon av årets styre og dei ulike komiteene.
26. august 2019
Ronny Osnes - Landslagstrener for J19
Eit framifrå foredrag om sin karriere som keepertrener, og hans syn på trenar-rolla.
20. august 2019
The Impossible Is Calling: Rotary + IEP
Det er inngått partnerskap mellom Rotary International og Institute for Economics and Peace.
19. august 2019
Første møte i Rotary-Året 2019/2020
President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om aktivitetar utover hausten.
Et høydepunkt for klubben vil være avdukingen av Hødd-monumentet, seinast i oktober 2019!
12. august 2019
Denne gjengen startet Rotaryåret litt på forskudd med dyrebar transport av rør til Hødd-monumentet
Vi gler oss til å sjå monumentet ferdig iløpet av høsten 2019!
24. juni 2019
Presidentskifte 2019/2020
Ulstein Rotaryklubb takkar avtroppande President
Finn-Ove Kvalsvik for den flotte innsatsen og ynskjer
innkomande President Bjørn Gunnar Tafjord lykke til.
17. juni 2019
Kaffemøte med informasjon rundt Høddmonumentet
Det pågår fortsatt proseess med å få fullfinansiert Høddmonumentet før man kan sette igang bestilling.
3. juni 2019
Bedriftsbesøk: Ko&Ko AS
Intercity Herøy & Ulstein.
Vi var så heldige å få presentasjon og omvisning på Ko&Ko AS sine nye fantastiske lokaler på Mjølstadneset i Herøy.
27. mai 2019
Dugnad på Lisjevanthuken
Sluddbyger i lufta, men kaffi pølse og brød gav god stemning i dugnadsgjengen.
20. mai 2019
Kaffemøte med info fra PETS - Åpen presentasjon.
Lidun Hareide og Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om PETS lederseminar på Dombås.