Virtuell produksjonsplanlegging for å
straumlinjeforme produksjonen
Prodtex står for «production, technology and
excellence», og verksemda har som mål å
gjere alt frå prosjektdesign til ferdig produkt. Det siste året har Roppen jobba
med planlegging av brusamband over Bjørnafjorden,som skal erstatte
ferjestrekninga Haljem – Sandvikvåg mellom Os og Fitjar. 115 000 tonn stål
vil gå med til dette brusambandet, og
dette tilsvarar all kapasitet på stor stålkonstruksjon i Polen i to år.
Saman med designarane ser Roppen på korleis ein kan
bygge brusambandet meir effektivt, og så designar Prodtex ein fabrikk som kan
produsere konstruksjonane. Ved å bygge på denne måten, vil ein kunne spare ein
milliard på den planlagde brukryssinga over Bjørnafjorden.
Prodtex konsentrerer seg om dei mindre og mellomstore bruene. Bruene skal byggast i ein sandwich-konstruksjon, som gjer konstruksjonen sterkare med mindre bruk av stål. Produksjonen er tenkt lagt til Ulstein Verft sitt gamle anlegg på Fiskå.
Prefabrikkering, samanstilling og overflatehandsaming skal gjerast av robotar inne i hallen, og dei gjer alt dei kan for å unngå menneskelege intervensjonar, som aukar kostnadane og minskar effektiviteten.
Prodtex planlegg å bygge fire meter bru i gongen, før dei flyttar brua og bygg fire meter til. Firmaet planlegg å flytte brudelar tre gongar i døgnet.
Denne produksjonsmåten seier Roppen er «påtvungen» av leverandørane av maskinparken, men dei har rekna på at metoden er lønnsom, og vil gje lågare produksjonskostnad enn om ein kjøper seksjonane i Asia og transporterer dei til Noreg. I tillegg gjev produksjonsmetoden positive miljøfortrinn på innsparing av material, vekt, transport, etc.
Bjørnafjordsambandet er kostnadsrekna til mellom 12
og 15 milliardar kroner, og vil i følgje Statens Vegvesen minske reisetida
mellom Bergen og Stavanger frå 4 til 2 timar
President Bjørn Gunnar Tafjord overrekker blomster til Tore Roppen som takk for et svært interessant foredrag.
Referat v/Lidun Hareide - Sekretær
9. januar 2023
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande
14. november 2022
Denne kvelden var Ulstein Rotary samlet for å høre foredrag om rikets tilstand fra Oddbjørn Solheim og Hilde Sæter.
7. november 2022
Kjekk omvisning med Geir Sundal og Torgeir Helvik.
Store utbyggingsplanar og lærerik innføring i Rim Drive (Permanent magnet thrustere).
31. oktober 2022
Historisk besøk på Sunnmøre og til Ulstein Rotaryklubb sin åpning av Rotaryhagen
31. oktober 2022
CEO Olav Haug Vikebakk fortalde om imponerande utvikling og dyktige fagfolk.