President Bjørn Gunnar Tafjord sammen med Birgitte Fondevik & Magne Grimstad
Birgitte
har lenge hatt ein draum om å reise på safari. Lars Erling Bjåstad Hovlid sa at
ei måtte ikkje berre reise på safari, dei måtte vitje folk også sjå korleis
fork verkeleg lever. Han sette dei i kontakt med sin studiekamerat Godbless og
kona Neema. Neema jobbar som lærar og rektor, og for Birgitte som underviser på
lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda, var jo dette veldig interessant for
Birgitte, så ho tok kontakt og avtalte vitjing før dei reiste ned. Godbless og
Neema bur i Himo, som ligg veldig nær grensa til Kenya i Tanzania. Tanzania har
no 58 millionar innbyggjarar, og veks med 3% årleg. Hovudspråka er Swahili og
engelsk, men det finst 120 språk i landet.
Godbless
og Neema driv ein privatskule, der dei foreldra som har råd betalar for
skulegangen, medan dei også tek imot born av foreldre som ikkje har råd til å
betale. Skulen har 700 elevar. Klasseroma er proppfulle, i eit talte Birgitte
over 90 elevar. Det er ei lesebok per 3 elevar, men kvar elev får kvar si eiga kladdebok,
og det er dei veldig stolte over. Det finst ingen kontor, og mat til dei 700
elevane vert laga på eit veldig enkelt utekjøken over vedfyring. Borna vil
gjerne gå på skulen også i ferien, for då får dei mat på skulen.
På skulen
foregår all undervising på engelsk, og elevane der gjer det veldig bra.
Allereie frå barnehagen foregår undervisinga på engelsk, eit språk borna ikkje
kan. Dette fordi at all høgare utdanning i Tanzania foregår på engelsk, og det
er viktig at borna byrjar å lære engelsk så tidleg som mogeleg. Det vert lagt
mykje vekt på skule fordi det er det som kan redde dei ut av fattigdom. I byrjinga
hadde Godbless og Neema eit eller to fattige born buande heime, men no har dei
bygd eit internat der det no bur 200 born. Desse borna får også skulefritidsordning,
og er mellom dei som gjer det aller best på skulen.
Birgitte
syntest at det var synd at borna berre kunne lese det som læraren skreiv på
tavla, så ho kjøpte inn engelske barnebøker til skulen. Ideen om å opprette eit
bibliotek vaks fram, Ulstein bibliotek ville vere vennskapsbibliotek, og dei
tok det første spadetaket til eit nytt bibliotek. Så sa skulemyndigheitene frå om
at området var for lite, og Godbless kjøpte då 25 mål og skal no bygge
bibliotek og opplevingssenter. Godbless har også oppretta eit gjestehus,
Kilishare Guesthouse, som en kan leige om ein har lyst til å reise på vitjing
og sjå for seg sjølv.
Åge og
Magne tok med seg fem pc’ar og tre prosjektorar, og ga lærarane opplæring i
bruken av desse. Ivar Mork hadde med seg kona Ellen Grete si første symaskin,
som også var ei gåve til skulen.
Godbless
har også tatt over eit lite meieri, og har gjort det til eit mønsterbruk. Her
leverer bøndene mjølk, og får pengar tilbake, slik at borna kan få fleire
måltid for dag. Godbless har tilsett 50 ungdommar som hentar mjølk på moped, og
fem inspektørar som lærer bøndene hygiene og å ta vare på både dyra og mjølka. Målet
er at pengane skal gå tilbake til bøndene, for å hjelpe dei ut av fattigdom, og
sikre at borna får utdanning.
Takk til
Birgitte og Magne for ein spanande kveld!
12. mars 2019 inviterte Birgitte og Magne saman med Ulstein bibliotek til eit arrangement som markerte starten på vennskapssamarbeidet mellom biblioteket i Ulstein og biblioteket som ekteparet Neema og Godbless Mamkwe driv i Tanzania. Les meir om arrangementet her: Link til sak i Vikebladet Vestposten
3. mai 2021
I dag besøkte vi Dalsfjord Fyrmuseum, og fekk en flott omvisning av Frode Pilskog.
26. april 2021
Ulstein Rotaryklubb hadde i dag ekstraordinært årsmøte for å vedta våre nye Retningslinjer og Vedtekter.
12. april 2021
Thor Martin Eidem holdt tradisjon tro en meget god presentasjon, og diskuterte rundt skattemeldingen 2020, og dei største endringane som kommer i 2021.
22. mars 2021
Dagfinn Olav Bye, Ståle Helvik og Jan Ove Ulstein held orientering om det fantastiske Kyrkjebakkespelet dei skal ha på Sjøborg til neste år!
15. mars 2021
President Lidun Hareide ønskte velkomen.
Var veldig kjekt å kunne å møtast igjen!
Dagfinn Olav orienterte litt om programmet for våren, ellers gjekk praten livlig rundt borda :)
3. januar 2021
Siste oppdatering: Vi starter opp igjen med møteaktivitet f.o.m. 15 mars 2021.
Vårens spennande program i Ulstein Rotaryklubb er no klart.
Møtene i starten av året måtte vi dessverre avlyse grunnet gjeldende nasjonale korona-restriksjoner.
14. desember 2020
Årsmøte med orientering om rekneskapet av Synnøve Riise
Årsmelding med Past President Bjørn Gunnar Tafjord.
7. desember 2020
Fortalde om oppvekst, utdanning og ikkje minst den fantastiske historien om firmaet sitt Sebastian AS
30. november 2020
Lidun orienterte frå styremøtet, spesielt om Rotaryhagen i Holsekerdalen, årsmøtet 14.12. og juleavslutninga 18.12.
Otto Kjetil hadde 10 min der han snakka først og fremst om manndomsprøva med selfangst i ishavet i ungdomstida.