Web Analytics Made Easy - StatCounter

Rotaryåret 2020/2021 ligg an til å bli fullt med nye høgdepunkt


Påtroppande leiar for programkommiteen for perioden 2020-2021, Dagfinn Olav Bye, fekk inn mange gode idear til spanande programpostar for hausten 2020, og fleire aktivitetar er allereie booka. Det blir variert program, som skal reflektere samfunnet rundt oss i mange fasettar, så det er berre å glede seg!.


Informasjonssaker:

President Bjørn Gunnar Tafjord brukte siste halvdel av møtet til å gje oppdatert informasjon om pågåande prosjekt og aktivitetar i klubben.

Informasjonsskilt til Høddmonumentet: For å redusere kostnadane til vil Ulstein Rotaryklubb sjølve hente skiltet hjå Arkoplan AS i Molde som har stått for produksjonen og montere skiltet på eigna fundament (betong eller granittblokk). Det er Arkoplan som også har laga dei andre skilta i Ulsteinvik sentrum. Planen er å få montert skiltet ein stad ved rundkøyringa  i løpet av første halvdel i juni. Plassering og type fundament vert bestemt i samråd med kommunen.

Gåve til Ulstein kommune: Ulstein kommune v/rådmann Verner Larsen har som vi veit takka ja til gåvene frå Ulstein Rotaryklubb. Kommunen har bedd om nødvendig dokumentasjon om grunneigarar der gapahukane står. Bugardshuken står på gnr 7 bnr 7 som er eigd av etterkomarane til Oddmund Ulstein medan Lisjevatnhuken står på Skeide Grunneigarlag sitt utmarksstykke. Høddmonumentet står på kommunal grunn. Når dette er på plass vil Ulstein kommune ta over installasjonane og sørge for at dei vert verdisette og forsikra. Ulstein Rotaryklubb legg opp til ei markering av overføringa ved gapahuken i Bugradsmyra der vi inviterer kommunen og lokalavisa.

Materiell: Vi arbeider for tida med eit Rotary-skilt som skal henge i resepsjonen (messing 30x30 cm) og to rollups frå Fantastiske Osberget (ein info.rollup og ein Polio pluss rollup).

Kartlegging av lokale prosjekt: Komiteen arbeider framleis med å systematisere informasjonen og framskaffe biletemateriale. President har gjort avtale med Vikebladet Vestposten om ei tosiders reportasje der vi får presentert både klubben og dei største lokale prosjekta våre.

President Bjørn Gunnar Tafjord avsluttet med informasjonssaker

Referat: Lidun Hareide & Bjørn Gunnar Tafjord / Foto: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg


 
Då er vi klare til å starte opp Rotaryåret 2018/2019

20. august 2018

Då er vi klare til å starte opp Rotaryåret 2018/2019

Inviterer til kaffimøte måndag 20.08.18 kl. 19:00-20:00 på Quality Ulstein Hotell.
Program:
Deling av gode ferieminner
Forventingar til det nye året
Vinlotteri til inntekt for Suvalkis Venner.

Nok ein vellukka dugnad ved Lisjevatnhuken

3. juli 2018

Nok ein vellukka dugnad ved Lisjevatnhuken

Nok ein vellukka dugnad med beising, ny takrenne, møbelmontering og hellesanking. I matpausa vanka det nybakt kveitekringle a la Gro Brandal!

Presidentskifte!

25. juni 2018

Presidentskifte!

Då takkar president 2017/2018 -Synnøve Riise - for eit kjekt og berikande Rotary år og overlet stafettpinnen til Finn-Ove Kvalsvik. Lykke til!

Fast monterte benkar med bord på Bugardshuken!

18. juni 2018

Fast monterte benkar med bord på Bugardshuken!

Fast monterte benkar med bord.
God stemning i dugnadsgjengen og President Synnøve serverte kaffi med gode wienerbrød.

Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint.

11. juni 2018

Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint.

Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint. Dugnad på benkar og steinlegging står att.
Dette vart flott og gav god livd for nordavinden.
Høg motivasjon og god stemning i Dugnadsgjengen.

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.

4. juni 2018

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.

Idar Overvåg hjalp til på dugnaden som representant fra Skeide Grunneigarlag.
Dette byrjar å rigge pent i landskapet.

Det ble servert god kaffi med kaker, som seg hør og bør!

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveld.

28. mai 2018

Dugnad på Lisjevatnhuken i kveld.

Godt arbeid med kaker og kaffi.
Nydelig ver og god stemning.

Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.

14. mai 2018

Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.

Dugnad på Gapahuken ved Lisjevatnet.
God stemning med kaker og kaffi

Særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018

16. april 2018

Særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018

Presidenten takkar for eit særs lærerikt foredrag om BDO, skattereglar 2017/2018 og korleis vi skal handtere sjølvmeldinga digitalt. Økonomi i klartekst v/Thor Martin Eidem!

Be the inspiration!

9. april 2018

Be the inspiration!

Finn Ove Kvalsvik orienterte om årets motto : Be the inspiration
Rotary sine målsetningar med utrydding av Polio.
Støtta vi gjev til hjelpearbeid i Afrika og Sør Amerika.