Rotaryåret 2020/2021 ligg an til å bli fullt med nye høgdepunkt

Informasjonssaker:
President Bjørn Gunnar
Tafjord brukte siste halvdel av møtet til å gje oppdatert informasjon om
pågåande prosjekt og aktivitetar i klubben.
Informasjonsskilt til
Høddmonumentet: For å redusere kostnadane til vil Ulstein Rotaryklubb sjølve
hente skiltet hjå Arkoplan AS i Molde som har stått for produksjonen og montere
skiltet på eigna fundament (betong eller granittblokk). Det er Arkoplan som
også har laga dei andre skilta i Ulsteinvik sentrum. Planen er å få montert
skiltet ein stad ved rundkøyringa i løpet av første halvdel i juni.
Plassering og type fundament vert bestemt i samråd med kommunen.
Gåve til Ulstein kommune:
Ulstein kommune v/rådmann Verner Larsen har som vi veit takka ja til gåvene frå
Ulstein Rotaryklubb. Kommunen har bedd om nødvendig dokumentasjon om
grunneigarar der gapahukane står. Bugardshuken står på gnr 7 bnr 7 som er eigd
av etterkomarane til Oddmund Ulstein medan Lisjevatnhuken står på Skeide
Grunneigarlag sitt utmarksstykke. Høddmonumentet står på kommunal grunn. Når
dette er på plass vil Ulstein kommune ta over installasjonane og sørge for at
dei vert verdisette og forsikra. Ulstein Rotaryklubb legg opp til ei markering
av overføringa ved gapahuken i Bugradsmyra der vi inviterer kommunen og
lokalavisa.
Materiell: Vi arbeider
for tida med eit Rotary-skilt som skal henge i resepsjonen (messing 30x30 cm)
og to rollups frå Fantastiske Osberget (ein info.rollup og ein Polio pluss rollup).
Kartlegging av lokale
prosjekt: Komiteen arbeider framleis med å systematisere informasjonen og
framskaffe biletemateriale. President har gjort avtale med Vikebladet
Vestposten om ei tosiders reportasje der vi får presentert både klubben og dei
største lokale prosjekta våre.
President Bjørn Gunnar Tafjord avsluttet med informasjonssaker
Referat: Lidun Hareide & Bjørn Gunnar Tafjord / Foto: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
13. februar 2023
Hødd i 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Nye Ulsteinvik Barneskule
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
HAV Hydrogen
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Kaffimøte
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Båtbesøk - SMARAGD
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.
26. november 2022
Julegilde 2022
Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande