Web Analytics Made Easy - StatCounter

Changing lives, Hilde Marte og Akshat


Hilde Marte og Akshat og deres eldste sønn - Her saman med President i Ulstein Rotaryklubb; Bjørn Gunnar Tafjord.

Changing lives

Hilde Marte er frå Ulsteinvik og Akshat frå Mumbai. Som 17-åring valde Hilde Marte å reise til Singapore for å vere  utvekslingstudent ved United World College. Valet fall på Singapore fordi ei av besteveninnene, Kari Brandal, hadde flytta til Singapore året før, og foreldra syntest derfor det var trygt for Hilde Marte å reise dit. Der møtte ho Akshat, og etter ei tid vart dei kjærestar. Etter at dei to åra i Singapore var over, hadde dei hadde eit avstandsforhold i fleire år, medan Akshat studerte i Boston og Hilde Marte i Norge, før dei til slutt gifta seg. Dei har to gutar, Rian på 10 år og Sebastian 8, og har no vore saman i 22 år.


 India ga oss ein sjanse til å endre folk sine liv, og vi valde å satse på skule og sanitær, seier Akshat og Hilde Marte. Skulegang er ein stor fordel som du kan gje eit barn, og det er det smartaste du kan gjere for å utvikle eit samfunn. Vi starta alt for 15 år sidan med utdanning. I 2005 observerte ei veninne av Hilde Marte at det var mange born som jobba for foreldra sine med å tigge på gangfeltet rett utanfor der ho bodde. Borna var på jobb heile dagen, og fekk knapt leike. Vi byrja å gå dit tre gongar i veka mellom klokka 17 og 19 for å leike med borna. Så byrja vi med å hjelpe dei borna som fekk lov for foreldra inn på lokale skular. Vi hjelpte dei med leksehjelp, og hjelper også jenter med å kome inn på internatskule for å få dei bort frå gata, og vi vitjar dei og hjelper dei med leksene. Prosjektet heiter Hamara Foothpath, etter fortauet prosjektet det oppstod for 15 år sidan.

Sanitærforhold er også viktig for å endre folk sine liv. Matt Damon sa at du kan aldri endre fattigdom utan å løyse vatn og sanitærforhalda. Mangel på toalett fører til mange problem, der det mest openberre er forureining, men også valdtekt er eit problem når kvinner og barn må gå langt av garde på natta for å kome seg på eit offentleg toalett. Les meir om farene ved dårlege toalett i Mumbai her: www.theguardian.com

Her er nokre av prosjekta vi har hatt innanfor sanitær:

Marine Drive toilet: dette er eit jets vacuum toalett i eit UNESCO-beskytta område. Dei fekk masse merksemd på toalettet. Les meir her: www.jswrealty.in

Slum toilet: Det første Jets-toalettet i ein slum vart ferdigstilt i 2017.

Back in the ring: Back in the ring er ein organisasjon som brukar yoga og arbeid som terapi for tidlegare narkomane og forbrytarar. Ei gruppe frå organisasjonen reiste til Mumbai og bygde eit offentleg toalettanlegg. Dei kom tilbake året etter for å reinse ei elv i bykjerna saman med lokalbefolinga. I tillegg til å faktisk gjere jobben, lærer lokalbefolkinga også mykje om haldningar. www.backinthering.no

Covid-krisa: ei svoltkrise meir enn ei viruskrise

I India lever fleire millionar menneske av dagslønn, og har greidd seg godt og levd verdige liv fram til Covid-19 utbrotet. Dette gjeld mange yrkesgrupper, som handverkarar, frisørar, hushjelper o.sb. Då samfunnet  stengte, sat dei der utan pengar til å kjøpe mat. Covid-krisa er difor meir ei svoltkrise enn ei viruskrise i India, og vi tenkte at vi måtte gjere noko. First byrja vi å levere ut varme måltid i dei verst råka områda i Mumbai, men vi endra dette seinare til å gje matpakkar for heile familier for to veker, så dei kan halde seg heime og lage maten sjølv. Etterpå har vi endra til at ein kan adoptere ei familie i tre månadar, for å gje folk tryggleik over tid. Det er viktig å la folk få halde på verdigheita.

Vi tenkte at vi skulle samle inn eit par hundre tusen kroner, men har no samla inn 9 millionar NOK på dei to siste månadane.

4.5 millionar måltid er delte ut, og 200 000 liv er forbetra.


Krisa er ikkje over i Mumbai, ho eskalerer enno. Covidtala stig veldig – men økonomien er vanskeleg, folk svelt, og styresmaktene vil opne oppatt byen for å hindre hungersnaud. Det er spanande tider, og all hjelp trengst. 

Vårt motto er: You make a living by what you get… but you make a life by what you give.

Aksjonen finn du på Facebook: https://www.facebook.com/fromu2them/

VÆR MED Å STØTT AKSJONEN: "adopter" en famile i 3 måneder for ca 740 kroner:  

 https://www.ketto.org/FROMU2THEM

Innslag på NRK 25 mai 2020: https://www.nrk.no/

Sak i Vikebladet Vestposten 25 mai 2020: https://www.vikebladet.no




 


Referat: Lidun Hareide / Foto:Gunnar Tafjord & Stig Ole Borgundvåg Web: Stig Ole Borgundvåg


 
Ulstein Næringsforum

24. februar 2020

Ulstein Næringsforum

Daniel Garden fortalde om det nye Ulstein Næringsforum.

Ulstein Næringsforum er ei foreining for næringslivet i Ulstein kommune som skal fremje Ulstein som eit regionsenter for næringsliv, reiseliv og handelsstand.

Intercity-møte : Høgskulen i Volda

18. februar 2020

Intercity-møte : Høgskulen i Volda

Rotaryklubbene i Ulstein og Volda fekk en flott presentasjon av Høgskulen i Volda av rektor Johann Roppen.

Heile presentasjonen kan du lese her.

Bruk 3 sekunder på å si: JEG ER ORGANDONOR

10. februar 2020

Bruk 3 sekunder på å si: JEG ER ORGANDONOR

Det vart ein sterk kveld i Hareidhallen då Hege Lundin Kuhle, dagleg leiar i Stiftinga Organdonasjon i Oslo og hjartetransplanterte Vinjar Vikanes frå Ulstein orienterte om kvifor organdonasjon er så viktig.

Hellesylt Hydrogen Hub, Astanel AS og Flakk gruppen

3. februar 2020

Hellesylt Hydrogen Hub, Astanel AS og Flakk gruppen

Vi fekk besøk av dagleg leiar i Astanel AS, Jan Arild Roppen. Han fortalte om Hellesylt Hydrogen Hub der han er prosjektleiar. I tillegg presenterte han Flakk Gruppen AS og selskapet sitt Astanel AS.

Hvordan fjordkrysningene på E39 kan bli 10 milliarder billigere

27. januar 2020

Hvordan fjordkrysningene på E39 kan bli 10 milliarder billigere

Dagleg Leiar i Prodtex - Tore Roppen - holdt et svært engasjert foredrag for 30 tilhørere om automatisert produksjon av stålbruer.

Bedriftsbesøk Marin Teknikk AS

20. januar 2020

Bedriftsbesøk Marin Teknikk AS

Bedriftsbesøk og Intercitymøte i regi av Herøy Rotary.
CEO Svein Rune Gjerde holdt et flott foredrag om den lange historien og dei ulike prosjekta til Marin Teknikk AS.

Presidentens time

13. januar 2020

Presidentens time

President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte blant annet om programmet fremover, og vi fekk presentert flere nye medlemmer i Ulstein Rotaryklubb.

Amnesty International Norge

6. januar 2020

Amnesty International Norge

Styreleiar i Amnesty International Norge og ny medlem i klubben vår
Kjetil Haanes fortalde om Amnesty sitt arbeid for menneskerettane.

Årets Julebord

13. desember 2019

Årets Julebord

Kari og Njål arrangerte årets Julebord på ein framifrå måte.
God mat og drikke på eit nydelig dekt festbord.

Omvisning ombord "MS Fridtjof Nansen"

9. desember 2019

Omvisning ombord "MS Fridtjof Nansen"

Vi var så heldige å få en flott omvisning ombord i det siste polare cruseskipet til Hurtigruten som både er designet og bygt lokalt, av henholdsvis Kongsberg Ship Design, og Kleven Verft.
Vi fekk også flott omvisning på verft & bedriftsmuseet til Kleven.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...