Årets presidentskifte skulle feirast med god middag og foredrag på Skotholmen i Herøy, slik vi har snakka om i snart eit år. Då alle stod samla til avgang utanfor Quality Ulstein Hotel, kom imidlertid meldinga om at vegen var stengt ved Garneskrysset, og at omkøyringsvegen over Gamleeidet også var stengt.
Gode råd var dyre, og etter litt hektisk aktivitet fekk avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord hyrt inn Hindholmen til å frakte oss ut til Skotholmen, og kjøpt inn bollar og brus så vi ikkje skulle svelte i hel på turen. Det vart ein nydelig båttur ut gjennom Ulsteinleia og gjennom Søre Vaulen til Sævika og Skotholmen.
På
Skotholmen stod ein av eigarane, Arthur Almestad, klar og tok imot trossa, før
han geleida oss inn til eit foredrag om den eldre og nyare historia til
Skotholmen. Det har budd folk på Skotholmen sidan 1500-talet, og holmen har
både vore husmannsplass og hatt handelsprivilegium. I 2009 tok dei noverande
eigarane over, restaurerte eine sjøbua og rydda resten. Du kan lese meir om
historia til Skotholmen her: https://www.skotholmen.no/omoss/
Les gjerne også saken NRK laget om Arthur og Skotholmen i 2016: Nytt liv til gammelt handelsted
Magnar Hjertenæs viste så fram si unike samling av gamle foto som bestefaren hans tok frå tidleg på 1900-talet og utover til etter krigen. Bileta held ein imponerande både teknisk og kunstnarisk kvalitet, og ber vitnesbyrd om eit fiskarbondesamfunn som no er borte. Du kan lese meir om Magnar og fotosamlinga her https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/unik-fotosamling-mellom-permar
Vi har hatt eit imponerande tilfang av nye medlemmer dette året. To av desse, Ingunn Røyset og Arnfinn Godø, møtte opp på Skotholmen, og fekk utdelt Rotarynåla. Vi er glade for å ha dei med i klubben vår.
Sjølve presidentsskiftet stod for tur. Avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord overrekte Rotary-kjedet til påtroppande Lidun Hareide, medan Lidun overrekte blomar til Bjørn Gunnar og takka han for innsatsen i året som gjekk.
Endeleg var det klart for matservering, og Skotholmen sin signaturrett; krabbesuppe med reker, fenikkel og ramsløk vart fortært med andakt med ein tilhøyrande nydelig rosévin og fantastisk focaccia. Til dessert fekk vi sjokoladefondant med jordbær og kaffi.
Etter ein lang og innhaldsrik kveld tok vi farvel med Skotholmen, vel vitande at her kan vi lett kome tilbake. Damene fekk haike med Arthur Almestad inn til hotellkaia i Fosnavåg, der Ragnhild hadde bil ståande, medan karane hoppa om bord i Hindholmen og tøffa seg heim i solnedgangen. Og alle var samde om at det hadde vore ein heilt fantastisk tur!
28. januar 2019
Njål Vikanes viste oss imponerande flotte bilete frå mange av dei turane han har hatt i Sunnmørsalpane og Romsdalstindane.
Vi fekk gode tips om ruter og tilkomst til fantastiske tinder og fjellområder .
En særs imponerande samling!
21. januar 2019
Rotary Youth Leadership Award
Deltakarar orienterte om kurset som dei hadde hatt stort utbytte av.
Samarbeid mellom Rotary og lokalt næringsliv om lederutvikling.
14. januar 2019
Leiar i Ulstein Historielag John Osnes hadde ei god innføring i laget sitt arbeid.
Særs lærerik kveld! - Les åpent utdrag fra referat.
Møtet ble avsluttet med diverse informasjon fra Presidenten.
7. januar 2019
President Finn-Ove Kvalsvik hadde kaffemøte med orientering om programmet fremover, og om saker fra styremøtet.
Bjørn Gunnar Tafjord holdt 3 minutter om Hødd monumentet.
Stig Ole Borgundvåg viste oss dei nye sidene til Ulstein Rotaryklubb han har laga.
10. desember 2018
PastPresident Synnøve Riise presenterte årsmeldinga si på ein framifrå måte og President Finn Ove Kvalsvik takka for innsatsen.
Han delte og ut Rotarian of the Year til Otto Kjetil og Bjørn Nytun for deira uvurderlege innsats med Bugard og Lisjevatnhuken
7. desember 2018
Årets Julebord på Quality Hotel Ulstein med god mat og drikke.
Dagfinn holdt et svært interessant og underholdende innlegg om jul og tradisjonar. Hyggelig stemning og nokre avslutta på dansegolvet.
3. desember 2018
President Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time.
Synnøve Riise gjekk over rekneskapet for klubben og
Gapahuk prosjekta.
Ole Flåte og Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om Høddmonumentet
Otto Kjetil Nytun hadde treminutt om benk utenfor Lisjevatnhuken
26. november 2018
Lidun Hareide`s holdt i dag en inspirerende presentasjon fra hennes padletur på Aust-Grønland sommeren 2018.
22. november 2018
32 unge deltakere fra bedrifter tilhørende rotaryklubbene i Ulstein, Hareid, Herøy, Sula, Ålesund, Giske, Sykkylven, og Stranda gjestet torsdag til lørdag Ulstein Hotell for å delta på seminar om ledelse og samspill.
19. november 2018
Distriktsguvernør Arvid Blindheim ga rosande omtale av President
Finn-Ove Kvalsvik og klubben vår.
Spesielt dugnadsprosjekta våre og det sosiale miljøet i klubben.