Årets presidentskifte skulle feirast med god middag og foredrag på Skotholmen i Herøy, slik vi har snakka om i snart eit år. Då alle stod samla til avgang utanfor Quality Ulstein Hotel, kom imidlertid meldinga om at vegen var stengt ved Garneskrysset, og at omkøyringsvegen over Gamleeidet også var stengt.
Gode råd var dyre, og etter litt hektisk aktivitet fekk avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord hyrt inn Hindholmen til å frakte oss ut til Skotholmen, og kjøpt inn bollar og brus så vi ikkje skulle svelte i hel på turen. Det vart ein nydelig båttur ut gjennom Ulsteinleia og gjennom Søre Vaulen til Sævika og Skotholmen.
På
Skotholmen stod ein av eigarane, Arthur Almestad, klar og tok imot trossa, før
han geleida oss inn til eit foredrag om den eldre og nyare historia til
Skotholmen. Det har budd folk på Skotholmen sidan 1500-talet, og holmen har
både vore husmannsplass og hatt handelsprivilegium. I 2009 tok dei noverande
eigarane over, restaurerte eine sjøbua og rydda resten. Du kan lese meir om
historia til Skotholmen her: https://www.skotholmen.no/omoss/
Les gjerne også saken NRK laget om Arthur og Skotholmen i 2016: Nytt liv til gammelt handelsted
Magnar Hjertenæs viste så fram si unike samling av gamle foto som bestefaren hans tok frå tidleg på 1900-talet og utover til etter krigen. Bileta held ein imponerande både teknisk og kunstnarisk kvalitet, og ber vitnesbyrd om eit fiskarbondesamfunn som no er borte. Du kan lese meir om Magnar og fotosamlinga her https://www.hivolda.no/forsking-og-utvikling/unik-fotosamling-mellom-permar
Vi har hatt eit imponerande tilfang av nye medlemmer dette året. To av desse, Ingunn Røyset og Arnfinn Godø, møtte opp på Skotholmen, og fekk utdelt Rotarynåla. Vi er glade for å ha dei med i klubben vår.
Sjølve presidentsskiftet stod for tur. Avtroppande president Bjørn Gunnar Tafjord overrekte Rotary-kjedet til påtroppande Lidun Hareide, medan Lidun overrekte blomar til Bjørn Gunnar og takka han for innsatsen i året som gjekk.
Endeleg var det klart for matservering, og Skotholmen sin signaturrett; krabbesuppe med reker, fenikkel og ramsløk vart fortært med andakt med ein tilhøyrande nydelig rosévin og fantastisk focaccia. Til dessert fekk vi sjokoladefondant med jordbær og kaffi.
Etter ein lang og innhaldsrik kveld tok vi farvel med Skotholmen, vel vitande at her kan vi lett kome tilbake. Damene fekk haike med Arthur Almestad inn til hotellkaia i Fosnavåg, der Ragnhild hadde bil ståande, medan karane hoppa om bord i Hindholmen og tøffa seg heim i solnedgangen. Og alle var samde om at det hadde vore ein heilt fantastisk tur!
19. august 2019
President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om aktivitetar utover hausten.
Et høydepunkt for klubben vil være avdukingen av Hødd-monumentet, seinast i oktober 2019!
12. august 2019
Vi gler oss til å sjå monumentet ferdig iløpet av høsten 2019!
24. juni 2019
Ulstein Rotaryklubb takkar avtroppande President
Finn-Ove Kvalsvik for den flotte innsatsen og ynskjer
innkomande President Bjørn Gunnar Tafjord lykke til.
17. juni 2019
Det pågår fortsatt proseess med å få fullfinansiert Høddmonumentet før man kan sette igang bestilling.
3. juni 2019
Intercity Herøy & Ulstein.
Vi var så heldige å få presentasjon og omvisning på Ko&Ko AS sine nye fantastiske lokaler på Mjølstadneset i Herøy.
27. mai 2019
Sluddbyger i lufta, men kaffi pølse og brød gav god stemning i dugnadsgjengen.
20. mai 2019
Lidun Hareide og Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om PETS lederseminar på Dombås.
13. mai 2019
Hør opptak fra foredraget om blant annet Arthur Gustav Osnes fra Ulstein som dro over til Shetland / England som 17-åring, ble med i flyvåpenet og omkom bare 19 år gammel.
29. april 2019
Sigmund Borgundvåg fortalde om barndomen på Stadt der han vaks opp med tyske soldatar, våpen og ammunisjon i huset.