Ordførar Knut Erik Engh var på besøk og presenterte kommune - versjon 3.0: frå formynderi til fellesskap.
Knut Erik holdt eit engasjert foredrag om korleis kommunen vår skal drivast i framtida. Dette er eit viktig tema for Ulstein kommune, noko kommunen har jobba mykje med.
Kommunene har vore gjennom paradigmeskifte frå 1945 og fram til i dag.
Etter krigen var det behov for å byggje landet opp igjen, og kommunene var sentrale i arbeidet.
Kommune 1.0: 1945-70 – kommunene styrte og hadde ansvar for det meste
Kommune 2.0: 1970-2010 – kommunene meir profesjonelle, folkevalde som var der for innbyggjarane
Kommune 3.0: 2010 - Ulstein kommune, inspirert av svenske og danske kommunar, nye tankar, nye måtar å jobbe på.
Ulstein skal vere ei samskapingskommune, dei folkevalde og innbyggjarane skal jobbe saman, fremje samskaping og nytenking.
Det er mange ulike ressursar i lokalsamfunnet. Desse er det viktig å få brukt. Døme på nyskaping og utvikling i kommunen er Skaparhuset og Teknologiskulen
Ulstein kommune har laga 2 strategiplanar som skal brukast i arbeidet med samskaping og utvikling.
- « - fire steg på ein ny veg»
- « - saman om å skape»
Eit interessant føredrag om eit interessant tema.









Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
16. september 2017
Vel utført laurdagsdugnad!
Då er Bugardshuken avstiva og klar til ein forsmak til publikum.
Kom gjerne og prøvesitt!
11. september 2017
Tretak ferdig på Bugardshuken!
Tretak ferdig på Bugardshuken!
Dugnad assistert av
6 kjekke kara frå Kompetansesenteret.
God kaffi og kaker fra Turid Tranvåg.
6. september 2017
Dugnad på Bugardshuken!
Med pågangsmot, innsatsvilje, god tru og ei solid dose sjølvtillit er det meste mogeleg. Etter berre to byggtekniske dugnadar hittil i september, er vi særs nøgde framdrifta i gapahukprosjektet Bugardshuken!
28. august 2017
Byggingen er i gang!
Da er vi i gang med å sette opp Bugardshuken, dette blir spennende!
15. november 2015
Ulstein Mannskor
Vi fekk både flott song og sjå historiske bilder frå Ulstein Mannskor.
Video: Jan Einar Saunes
5. januar 2015
Besøk hos Grim og Gryt Økobryggeri
Lærerikt og gode smaksprøver.
Video: Jan Einar Saunes
2. juni 2014
På besøk hos Hareid Rotaryklubb
Ulstein Rotary på besøk og servering hos Hareid Rotary då vi fekk sjå på deira flotte prosjekt: "Rotarystien".
Video: Jan Einar Saunes
28. juni 2010
Presidentskifte 2010 og åpning av peilseskiva på Hasundhornet
Foto: Njål Vikanes
Video: Jan Einar Saunes

