Web Analytics Made Easy - StatCounter

Presidentskifte

Past President Lidun Hareide overlet roret til President Thor Martin Eidem.

Det var lagt opp til rekecruise med Hindholmen, der klubben spanderte reker m.m., og medlemmane hadde med seg drikkevarer.

Det vart ein flott tur frå Ulsteinvik og ut til Grasøyane fyr og tilbake. Det var fint ver, så ein kunne sitje ute og nyte utsikta, naturen og sjølufta.

Ved Grasøyane fyr vart presidentskiftet gjennomført.  Lidun Hareide vart takka av som president etter eit år der klubben har fått til mykje, og Thor Martin Eidem overtok som president for det neste året med gode prosjekt å arbeide vidare med.

Det tilbakelagde året har vore eit bra år for Ulstein Rotary. Mesteparten av året har det vorte gjennomført møte med gode program og fleire prosjekt som er sette i gong. Døme på gode prosjekt som klubben har fått vedtatt/sett i gong er, eigne vedtekter, Rotary – hagen i Holsekerdalen, og surstoffdonasjon til Mombai/India. Det er også muleg at Rotary-klubben i Mumbai og Ulstein Rotary-klubb kan verte vennskapsklubbar/samarbeide som t.d. Global Grant.











Referat: Eldrid Vik (Sekretær) /Bilder: Jan Einar Saunes & Stig Ole Borgundvåg


 
Hødd i 2023

13. februar 2023

Hødd i 2023

Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.

Nye Ulsteinvik Barneskule

6. februar 2023

Nye Ulsteinvik Barneskule

Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).

HAV Hydrogen

30. januar 2023

HAV Hydrogen

Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

24. januar 2023

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.

Bedriftsbesøk DIMO

16. januar 2023

Bedriftsbesøk DIMO

Flott foredrag og omvisning i en bedrift i stor vekst!

Kaffimøte

9. januar 2023

Kaffimøte

Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.

Båtbesøk - SMARAGD

12. desember 2022

Båtbesøk - SMARAGD

Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.

Årsmøte 2021/2022

5. desember 2022

Årsmøte 2021/2022

Rekneskap og Årsmelding vart godteke med applaus :)

Julegilde 2022

26. november 2022

Julegilde 2022

Fantastisk Julegilde i eventyrlige omgivelser heime hos Gro Brandal i Sande