Web Analytics Made Easy - StatCounter

Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset


Kystverket Direktør Einar Vik Arset (t.h.) heldt eit gjevande og interessant foredrag om Kystverket sitt arbeid og planar for framtida. 

Kystverket

Tema for kystdirektøren sitt foredrag denne kvelden var Kystverket si verksemd, Stadt Skipstunnel og Kystverket som aktør for havorvervaking og oljevernberedskap. 

Kystdirektøren innleia sitt foredrag med å minne om at Noreg er ein betydeleg havnasjon og at velferdsstaten vår er tufta på ressurssane i havet og hamnene våre. Noreg sine havområde er 7 gongar så stort som landarealet vårt. Heile 90 % av importen og eksporten til landet går via sjøtransport. 

Hovudmåla til Kystverket er:

·         Framkome – sikre betre framkome for personar og gods i heile landet

·         Transportsikkerheit – redusere talet på transportulykker

·         Klima og miljø redusere klimagassutsleppa

·         Beredskap mot akutt forureining – hindre og avgrense miljøskade ved akutt forureining, eller ved akutt fare for slik forureining.

 

Kystveket si verksemd 

Kystverket er ein transportetat som ligg under Nærings- og fiskeridepartementet. 

Deira hovudansvar er å syte for for sikker og effektiv ferdsel i farleier langs kysten og inn til hamner, og sørge for ein nasjonal beredskap mot akutt forureining. Verksemda er samla i fagmiljø/ funksjonar under same leiing og med eit solid fotavtrykk i heile landet. 

Dei viktigaste oppgåvene til Kystverket er:

·         Utvikling og vedlikehald av farleier

·         Fyr- og merketenester

·         Trafikksentraltenester

·         Lostenester

·         Meldingstenester og navigasjonsvarsel

·         Statleg beredskap mot akutt forureining

·         Utgreiing og transportplanlegging

·         Hamnesikkerheit (ISPS) 

For å løyse desse nasjonale oppgåvene, samarbeider Kystverket breitt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på avgrensande område. Desse etatane inkluderer mellom anna Politiet, Sysselmannen, Toll, Økokrim, Sjøfartsdirektoratet og Fiskeridirektoratet med fleire. Kystverket er også særs aktive i internasjonalt arbeid innan deira fagfelt. 

Kystverket har ansvaret for 22 000 navigasjonsinnretningar langs kysten, som er heilt sentrale for sjøsikkerheita. Desse innretningane krev mykje vedlikehald. For å redusere sitt ULSTEIN ROTARYKLUBB Stifta 1963 klima- og miljøvavtrykk er navigasjonsinnretningane laga av kompositt materiale, har ledlys og blir drivne av solceller. 

Rederiverksemda til Kystverket har også hybridfartøy, som kan gå opptil 10-14 timar på batteri. 

Losverksemda til Kystverket har lang tradisjon og feira 300 år i fjor. Det er losplikt i Noreg og lostenesta er ei brukarfinansiert ordning,som kvart år gir kring 900 MNOK i inntekter. Det er 300 statslosar i Noreg som utfører omlag 40 000 oppdrag i året. Det er 25 losstasjoner plassert langs heile kysten i Noreg, og tenesta er operativ 24 timer i døgnet, heile året. 

Oljevern og miljøberedskap 

Kystverket har ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining. Formålet med beredskapen er å verne om liv, helse, naturmiljø og næringsinteresser til sjøs og på land. 

Kystverket har vaktlag som er på 24/7 og kan spele på mange ressursar langs kysten, derunder depot langs kysten, tilgjengeleg skip på Svalbard og fleire interkommunale utval. Kystdirektøren erfarer at skipa som ferdast langs kysten vår har fått betre standard og i tillegg er det betre navigasjonsstøtte, utstyr og skipsberedskap. 

Ved hendingar som inneber fare for eit stort tilfelle av akutt forureininga kan Kystvekret setje statleg aksjon – det inneber at staten ved Kystverket hanterar aksjonen, og tek leiinga av aksjonen både på sjøen og istrandsona. Kystverket har i slike tilfelle mynde til å pålegge verksemder og kommunen om å stille utstyr og personell til rådigheit. 

Trass i at utviklinga er positiv, har det likevel vore fleire dramatiske redningsaksjonar dei siste åra. Kystdirektøren viste mellom anna til Northguider (havari ved Svalbard), Helge Ingstad, Viking Sky og Eemslift Hendrika. Dette var alle dramatiske havari, med stor risiko for både menneskeliv og miljøet. 

Kystverket er også ein sentral aktør i BarentsWatch som er havovervaking i nordområda. I dette samarbeidet inngår ti departement over 20 forvaltningsetatar og forskingsinstitutt. Målet er å gjere offentlege data tilgjengelege for myndigheiter, næringsliv og enkeltpersonar, slik at norske hav- og kystområde kan forvaltast på ein effektiv, berekraftig og godt koordinert måte. 

 Stadt Skipstunnel

Kystverket er byggherre for arbeidet tunnelen som vil styrke skipssikkerheita og regulariteten til sjøtransporten langs kysten. Stadthavet er blant dei mest værutsette og farlegaste havstrekka i Noreg. Dette sikkerheitstiltaket vil ha store ringverknader også for næringslivet. 

Det er 19 potensielle hovudentreprenørar og enno fleire underleverandørar. Dette vil vere ein stor jobb der ein mellom anna må legge om eksisterande vegar, bygging av konstruksjonar i tillegg til arbeidet med sjølve tunnelen. Ei utfordring er korleis ein skal løyse mottak på land av dei enorme massane ein skal ta ut frå fjellet. 

Planen er at arbeidet skal lysast ut på anbod i løpet av 2. halvdel av 2022 med byggestart i slutten av 2023. 

Ulstein Rotaryklubb, ved president Thor Martin Eidem, takka Einar Vik Arset for eit særs interessant foredrag, og avslutta med å overreke ein blomsterbukett til kystdirektøren.
















Referat ved URK Sekretær; Ingunn Hestnes / Foto: Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg

 
Bedriftsbesøk SSR

17. oktober 2022

Bedriftsbesøk SSR

Medlemane var særs engasjert ,og vi hadde ein lærerik kveld der kommunikasjonsansvarlig Andrea Øien Sæverud presenterte Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Årets Krabbe og rekefest

15. oktober 2022

Årets Krabbe og rekefest

Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.

Ulykka i Vesterisen 1952

10. oktober 2022

Ulykka i Vesterisen 1952

Rekordoppmøte av medlemmer for å høyre Johannes Alme!

Ulstein Brannstasjon

3. oktober 2022

Ulstein Brannstasjon

19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen

Besøk på det nye helsehuset på Hareid

29. september 2022

Besøk på det nye helsehuset på Hareid

Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.

Førstereis på barken Birtha 1902 – 1904

19. september 2022

Førstereis på barken Birtha 1902 – 1904

Foredrag med Terje Fjelle

Distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island

18. september 2022

Distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island

Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!

Besøk av DG Gunhild Aalstad

29. august 2022

Besøk av DG Gunhild Aalstad

Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).

Kaffimøte

22. august 2022

Kaffimøte

Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.

Åpning av Rotaryåret 2022/2023

15. august 2022

Åpning av Rotaryåret 2022/2023

President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...