Vellukka kveld på Tussatunet i Ørsta
Måndag 02.09.2024 var det arrangert av TUSSA Konsern og Tussa IKT for Ulstein Rotary ein vellukka kveld på Tussatunet i Ørsta, frå klokka 19.00 til 20.30.
Kvelden starta med at marknadssjef i Tussa IKT, Steinar Hauge, ynskte oss velkomne med kaffi og marsipankake. Han presenterte konsernet Tussa og tok oss med på ei reise gjennom historia heilt frå starten i 1949 fram til dagens drift. Trass utfordringar i eit krevjande marknad, har konsernet utvikla seg godt. Tussa har opparbeidd seg eit solid renommé som ein betydeleg aktør på Sunnmøre og i Nordfjord, noko dei har ambisjonar om å halde fram med.

Tussa IKT, Steinar Hauge, ynskte oss velkomne med kaffi og marsipankake
CISO (sikkerheitsleiar) i Tussa IKT, Vigleik Hustadnes, heldt eit engasjerande foredrag om dei mange sikkerheitsutfordringane knytt til IT-system som bedrifter nyttar. Han understreka korleis mange potensielle problem kan oppstå, og kor viktig det er å ha kunnskap og verktøy for å redusere risikoen. Tussa IKT tilbyr både kompetanse og løysingar for å handtere slike utfordringar, og Hustadnes presiserte også nødvendigheita av å vere godt førebudd dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.
Etter foredraget fekk vi ei omvising i datarommet og tilhøyrande fasilitetar som sikrar stabile leveransar både internt og for kundane. Anlegget, som vart etablert i 2015, har gjennomgått kontinuerleg utvikling med ny teknologi. Vi fekk sjå arbeidsplassar utstyrt med skjermar, telefonar og overvakingssystem samt fysisk sikra rom med back-up-løysingar for både straumforsyning og kjøling.

Det var ein lærerik kveld med fokus på både IT-sikkerheit og straumforsyning.
Thor Martin avslutta med å takke for ei interessant foredrag og overrekte boka «Sunnmørskyrkjene – Historie, kunst og arkitektur» til føredragshaldarane.

marknadssjef Steinar Hauge, Ulstein Rotary President Thor Martin Eidem og sikkerheitsleiar Vigleik Hustadnes.
FOTO: Jan Einar Saunes
12. desember 2023
Medlemsmøte hos Larsnes Mekaniske
Bedriftsbesøk til Larsnes Mekkaniske Verksted med en usedvanlig engasjert og positiv Daglig leder Jarle Gunnarstein
6. november 2023
LANDBRUKET I ULSTEIN
Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.
5. november 2023
Ulstein Rotary - Solidarisk støtte
Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.
29. oktober 2023
Ulstein Rotary Strandrydding
Strandrydding frå Ivarfjøra til Gåsneset og Roppesanden. 120kg avfall rydda av ein entusiastisk gjeng.
24. oktober 2023
End Polio Now – Rotarys viktigste prosjekt
24. oktober er den årlige poliodagen på verdsbasis og dette er Hareid- og Ulstein Rotaryklubb sitt initiativ for å synliggjøre Rotary International sin omfattende kamp for å utrydde polio. Målet er en poliofri verden.
23. oktober 2023
Dugnad i Rotaryhagen
I kveldens duskregn vart Rotaryhagen i Holsekervegen 20 gjort klar for vinteren.