Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
Det var godt frammøte frå alle dei tre klubbane.
Presidenten i Hareid Rotaryklubb, Astrid Velle, ynskte velkommen med varme ord før alle saman stemte i og song alle versa av «Mellom bakkar og berg». Dei frammøtte fekk servert nysteikte vaflar, kaffi og te – ein perfekt start på ein hyggeleg kveld.
Kvar av klubbane fekk høve til å presentere sine planar og mål for det komande året. Presidentane Astrid Velle frå Hareid, Thor Martin Eidem frå Ulstein, og Tove Worren frå Herøy heldt kvar sine 30-minutts innlegg der dei delte sine visjonar for året framover.

President for Herøy Rotary Tove Worren, DG Lidun Hareide, President for Ulstein Rotary Thor Martin Eidem og President for Hareid Rotary Astrid Velle.
Frå Rotary-distriktet møtte mellom anna distriktsguvernør Lidun Hareide, Greta Herje, Per Arne Emdal og Hege Hamre. Etter klubbpresentasjonane heldt DG Lidun Hareide eit innlegg der ho delte frå si Rotary-erfaring både lokalt og internasjonalt. Ho oppmoda ho alle til å skape «magiske opplevingar» for medlemmene – ein påminning om kva Rotary kan vere på sitt beste.
Dei tre klubbane ser no fram til eit nytt Rotary-år med fornya energi og ambisjonar.
Foto: Herøy Roatryklubb og Jan Einar Saunes
22. juni 2026
Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president
Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.
15. juni 2026
Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy
Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.
9. juni 2026
Fin medlemstilvekst :)
Denne våren har vi fått fleire nye medlemmer, og det er til glede og inspirasjon.
1. juni 2026
Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre
Frå ein til fleire kommunar:
Over 700 har fått fagbrev gjennom opplæringskontoret
Sidan starten i 1994 har opplæringskontoret i Hareid vakse seg stort. No hjelper dei rundt 80 lærlingar på vegen mot yrkeslivet.
11. mai 2026
Rotary handlar om å samle seg om det gode, og bidra til varig endring
så då er dugnad ein fin måte i bidra direkte inn i lokalsamfunnet
4. mai 2026
Besøk frå Norske redningshundar i Møre og Romsdal
Eit interessant innblikk i arbeidet, trening, organisering og beredskap
27. april 2026
Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming
Ulstein Rotaryklubb fekk innblikk i profesjonell gaming
Medlemene i Ulstein Rotaryklubb fekk nyleg lære meir om esports og gaming. Dei besøkte Metizport i Herøy for å høyre om deira reise frå eit lokalt prosjekt til ein stor internasjonal organisasjon.
13. april 2026
Vil du skal kjenne deg herifrå..
Vil verte «Finn.no» for reiselivet: Nytt lokalt selskap i gang på Hareid
23. mars 2026
Orientering om Ulstein vidaregåande skule
Besøk frå skulen ga oss verdifult innblikk i skulen og framtidsperspektivet