Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
Det var godt frammøte frå alle dei tre klubbane.
Presidenten i Hareid Rotaryklubb, Astrid Velle, ynskte velkommen med varme ord før alle saman stemte i og song alle versa av «Mellom bakkar og berg». Dei frammøtte fekk servert nysteikte vaflar, kaffi og te – ein perfekt start på ein hyggeleg kveld.
Kvar av klubbane fekk høve til å presentere sine planar og mål for det komande året. Presidentane Astrid Velle frå Hareid, Thor Martin Eidem frå Ulstein, og Tove Worren frå Herøy heldt kvar sine 30-minutts innlegg der dei delte sine visjonar for året framover.
President for Herøy Rotary Tove Worren, DG Lidun Hareide, President for Ulstein Rotary Thor Martin Eidem og President for Hareid Rotary Astrid Velle.
Frå Rotary-distriktet møtte mellom anna distriktsguvernør Lidun Hareide, Greta Herje, Per Arne Emdal og Hege Hamre. Etter klubbpresentasjonane heldt DG Lidun Hareide eit innlegg der ho delte frå si Rotary-erfaring både lokalt og internasjonalt. Ho oppmoda ho alle til å skape «magiske opplevingar» for medlemmene – ein påminning om kva Rotary kan vere på sitt beste.
Dei tre klubbane ser no fram til eit nytt Rotary-år med fornya energi og ambisjonar.
Foto: Herøy Roatryklubb og Jan Einar Saunes
13. januar 2025
Medlemsmøte i Ulstein Rotaryklubb
Måndag 13. januar samla Ulstein Rotaryklubb sine engasjerte medlemmar seg til eit triveleg og inspirerande medlemsmøte.
6. januar 2025
POLARIE TRAGEDIER DEL II
Vi hadde gleda av å starte året med eit interessant foredrag av Stig Sandanger Riise, som sette søkelys på ein dramatisk del av polarhistoria
2. desember 2024
FORMINNE PÅ VÅRE TRAKTER
Under eit engasjerande møte i Ulstein Rotaryklubb heldt arkeolog Arve Eiken Nytun eit lærerikt foredrag om forminne i regionen, frå steinalderen til mellomalderen.
18. november 2024
Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime
Ulstein Rotaryklubb på eksklusiv omvisning: Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime
11. november 2024
Ulstein Rotary kaffimøte den 11-11-2024
Vi samlast for hyggelig kaffimøte i godt lag der Thor Martin Eidem held informasjon frå styremøtet tidlegare på kvelden
4. november 2024
Ulstein kommune med fokus på flyktningarbeid
Den 4. november møtte Ulstein Rotaryklubb til eit interessant foredrag på Reiten 22, der Lars Erling Bjåstad var invitert til å fortelje om korleis Ulstein kommune jobbar med flyktningar og integrering
28. oktober 2024
Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
24. oktober 2024
DEN INTERNASJONALE POLIODAGEN 24.10.2024
Vi treng din støtte for å beskytte framtidige generasjonar frå polio. Saman kan vi gjere ein stor forskjell.
21. oktober 2024
Medlemsmøte med ymse orientering
Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.
20. oktober 2024
AKSJON STRANDRYDDING
Ulstein Rotaryklubb bidrog til strandrydding i Johanfjøra i Garsholhølen søndag 20. oktober!