Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
Det var godt frammøte frå alle dei tre klubbane.
Presidenten i Hareid Rotaryklubb, Astrid Velle, ynskte velkommen med varme ord før alle saman stemte i og song alle versa av «Mellom bakkar og berg». Dei frammøtte fekk servert nysteikte vaflar, kaffi og te – ein perfekt start på ein hyggeleg kveld.
Kvar av klubbane fekk høve til å presentere sine planar og mål for det komande året. Presidentane Astrid Velle frå Hareid, Thor Martin Eidem frå Ulstein, og Tove Worren frå Herøy heldt kvar sine 30-minutts innlegg der dei delte sine visjonar for året framover.

President for Herøy Rotary Tove Worren, DG Lidun Hareide, President for Ulstein Rotary Thor Martin Eidem og President for Hareid Rotary Astrid Velle.
Frå Rotary-distriktet møtte mellom anna distriktsguvernør Lidun Hareide, Greta Herje, Per Arne Emdal og Hege Hamre. Etter klubbpresentasjonane heldt DG Lidun Hareide eit innlegg der ho delte frå si Rotary-erfaring både lokalt og internasjonalt. Ho oppmoda ho alle til å skape «magiske opplevingar» for medlemmene – ein påminning om kva Rotary kan vere på sitt beste.
Dei tre klubbane ser no fram til eit nytt Rotary-år med fornya energi og ambisjonar.
Foto: Herøy Roatryklubb og Jan Einar Saunes
10. september 2018
Lisjevanthuken er ferdig! :)
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Dugnad Lisjevatnhuken!
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.
27. august 2018
Foredrag med Gerd Vik Flø
Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.
20. august 2018
Då er vi klare til å starte opp Rotaryåret 2018/2019
Inviterer til kaffimøte måndag 20.08.18 kl. 19:00-20:00 på Quality Ulstein Hotell.
Program:
Deling av gode ferieminner
Forventingar til det nye året
Vinlotteri til inntekt for Suvalkis Venner.
3. juli 2018
Nok ein vellukka dugnad ved Lisjevatnhuken
Nok ein vellukka dugnad med beising, ny takrenne, møbelmontering og hellesanking. I matpausa vanka det nybakt kveitekringle a la Gro Brandal!
25. juni 2018
Presidentskifte!
Då takkar president 2017/2018 -Synnøve Riise - for eit kjekt og berikande Rotary år og overlet stafettpinnen til Finn-Ove Kvalsvik. Lykke til!
18. juni 2018
Fast monterte benkar med bord på Bugardshuken!
Fast monterte benkar med bord.
God stemning i dugnadsgjengen og President Synnøve serverte kaffi med gode wienerbrød.
11. juni 2018
Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint.
Gapahuk Lisjevatnet ferdig og riggar fint. Dugnad på benkar og steinlegging står att.
Dette vart flott og gav god livd for nordavinden.
Høg motivasjon og god stemning i Dugnadsgjengen.
4. juni 2018
Dugnad på Lisjevatnhuken i kveldsol og frisk nordavind.
Idar Overvåg hjalp til på dugnaden som representant fra Skeide Grunneigarlag.
Dette byrjar å rigge pent i landskapet.
Det ble servert god kaffi med kaker, som seg hør og bør!