Intercity-møte mellom Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubber
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
Det var godt frammøte frå alle dei tre klubbane.
Presidenten i Hareid Rotaryklubb, Astrid Velle, ynskte velkommen med varme ord før alle saman stemte i og song alle versa av «Mellom bakkar og berg». Dei frammøtte fekk servert nysteikte vaflar, kaffi og te – ein perfekt start på ein hyggeleg kveld.
Kvar av klubbane fekk høve til å presentere sine planar og mål for det komande året. Presidentane Astrid Velle frå Hareid, Thor Martin Eidem frå Ulstein, og Tove Worren frå Herøy heldt kvar sine 30-minutts innlegg der dei delte sine visjonar for året framover.
President for Herøy Rotary Tove Worren, DG Lidun Hareide, President for Ulstein Rotary Thor Martin Eidem og President for Hareid Rotary Astrid Velle.
Frå Rotary-distriktet møtte mellom anna distriktsguvernør Lidun Hareide, Greta Herje, Per Arne Emdal og Hege Hamre. Etter klubbpresentasjonane heldt DG Lidun Hareide eit innlegg der ho delte frå si Rotary-erfaring både lokalt og internasjonalt. Ho oppmoda ho alle til å skape «magiske opplevingar» for medlemmene – ein påminning om kva Rotary kan vere på sitt beste.
Dei tre klubbane ser no fram til eit nytt Rotary-år med fornya energi og ambisjonar.
Foto: Herøy Roatryklubb og Jan Einar Saunes
21. oktober 2018
Årets krabbefest!
Vi takkar Kari og Njål for at dei opna heimen sin til årets krabbefest då veret var for ruskete på Eiksund.
Vakkert pynta med maritim dekor til krabbe og rekebordet.
15. oktober 2018
Ulstein Rotary sitt iniativ for et monument i høve Hødd sitt 100års jubileum.
Kaffimøte med orientering av President Finn Ove Kvalsvik.
Presentasjon av monumentet som Ulstein Rotary har tatt initiativ til i høve Hødd sitt 100 års jubileum.
Dette blir vakkert !
7. oktober 2018
Åpning av Lisjevatnhuken + Paul Harris fellow til Lindor Skeide!
Med vérgudane på vår side vart det godt oppmøte og ei særs vellukka opning av Lisjevatnhuken i dag!
Kultursjef Leif Ringstad klippte snora, og ikke minst ble Lindor Skeide tildelt den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen!
1. oktober 2018
Presidentens time
President 2018/2019
Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time om målsetnadar og oppgåver i året som kjem.
24. september 2018
Unni Takseth med gjevande kåseri
Past President Synnøve Riise takkar Unni Takseth for eit gjevande kåseri om dugnadsånda i dagens travle samfunn. Avslutningsvis las ho dikt om freistande frukter i Edens hage.
10. september 2018
Lisjevanthuken er ferdig! :)
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Dugnad Lisjevatnhuken!
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.
27. august 2018
Foredrag med Gerd Vik Flø
Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.