Styremøte og førebuing til årsmøte
President Thor Martin Eidem opna møtet med å gje eit samandrag frå styremøtet tidlegare på kvelden. Fokus var retta mot årsmøtet som skal haldast måndag 9. desember 2024. Styret har fastsett saklista og årsrekneskapen for perioden 2023-2024. Desse dokumenta vil bli sendt ut til medlemmane i god tid før årsmøtet.
President Thor Martin Eidem
Økonomisk status og organisering
Klubben sin økonomi for 2024/2025 vart presentert, og situasjonen er stabil. Oversikt over medlemmenes plassering i ulike komitear vart også lagt fram, slik at alle har klart for seg sitt ansvar og bidrag.
Mål og planar
Utveksling og ungdomsprosjekt
Ulstein Rotaryklubb vil ikkje ta ansvar for ungdomsutveksling i perioden 2025/2026, men har sett det som eit mål å førebu seg for utvekslingsprogrammet i 2026/2027. Samstundes er klubben positive til å bidra med deltakarar til RYLA (Rotary Youth Leadership Awards) våren 2025 og eventuelt sommarleir for studentar på Sunnmøre i 2025. Ei eiga arbeidsgruppe vil bli etablert for å ta seg av førebuingane til framtidige utvekslingsprogram.
Dugnad ved Osberget
Den nye turvegen til Osberget er no ferdig, men restar etter rydding ligg framleis langs stien. Presidenten vil kontakte Leiv Ringstad for å undersøke om klubben kan ta ut stokkane, kløyve dei til ved og overlever for utdeling hausten 2025. For å få dette til, treng vi både dugnadsinnsats, utstyr og ein lagringsplass til tørking av veden. Dette kan verte ein gyllen anledning for klubben til å bidra positivt til lokalsamfunnet. Ikkje minst, ein klubb med både hjarte og handling på rette staden.
Blå refleksvestar til klubbens aktivitetar
Det er kjøpt inn 20 blå refleksvestar som no er tilgjengelege for medlemane. Vestane, som har ein salspris på 220 kroner per stykk, kan nyttast under dugnader, arrangement og synleggjere klubben sitt engasjement i nærmiljøet.
Klubbmedlem Synnøve Riise og Otto Kjetil Nytun med dei blå vestane
9. mars 2020
Besøk av Birgitte Fondevik og Magne Grimstad jr.som fortalte om prosjektet og det mangfaldige arbeidet ekteparet driv i den vesle byen Himo ved foten av det høgste fjellet i Afrika, Kilimanjaro i Tanzania.
24. februar 2020
Daniel Garden fortalde om det nye Ulstein Næringsforum.
Ulstein Næringsforum er ei foreining for næringslivet i Ulstein kommune som skal fremje Ulstein som eit regionsenter for næringsliv, reiseliv og handelsstand.
18. februar 2020
Rotaryklubbene i Ulstein og Volda fekk en flott presentasjon av Høgskulen i Volda av rektor Johann Roppen.
Heile presentasjonen kan du lese her.
10. februar 2020
Det vart ein sterk kveld i Hareidhallen då Hege Lundin Kuhle, dagleg leiar i Stiftinga Organdonasjon i Oslo og hjartetransplanterte Vinjar Vikanes frå Ulstein orienterte om kvifor organdonasjon er så viktig.
3. februar 2020
Vi fekk besøk av dagleg leiar i Astanel AS, Jan Arild Roppen. Han fortalte om Hellesylt Hydrogen Hub der han er prosjektleiar. I tillegg presenterte han Flakk Gruppen AS og selskapet sitt Astanel AS.
27. januar 2020
Dagleg Leiar i Prodtex - Tore Roppen - holdt et svært engasjert foredrag for 30 tilhørere om automatisert produksjon av stålbruer.
20. januar 2020
Bedriftsbesøk og Intercitymøte i regi av Herøy Rotary.
CEO Svein Rune Gjerde holdt et flott foredrag om den lange historien og dei ulike prosjekta til Marin Teknikk AS.
13. januar 2020
President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte blant annet om programmet fremover, og vi fekk presentert flere nye medlemmer i Ulstein Rotaryklubb.
6. januar 2020
Styreleiar i Amnesty International Norge og ny medlem i klubben vår
Kjetil Haanes fortalde om Amnesty sitt arbeid for menneskerettane.