Det nye rotaryåret er i gang
Referat frå møte i Ulstein Rotaryklubb 18.08.25
På Rotaryårets første møte med ny president var det godt oppmøte. President Stig Riise orienterte om planar og innhald for det neste året. Han trakk fram årets internasjonale bodskap som er «unite for good / foren dere for det gode».
Presidenten er opptatt av rekruttering og presiserte kor viktig det er at rekrutteringsprosessen går i tråd med prosedyren, og at medlemmane vert fulgt opp av både medlemsskapskomite og faddarar. Nokre område vart spesielt trekt fram:
- følge godt opp dei som er aktuelle medlemmar
- Presidenten presenterer gjestar på kvart møte, og alle tek ansvar for å helse på og verte kjende
- Vi skal framleis sørge for å ha spreiing i yrkesgrupper
Elles vart alle oppmoda om å trykke liker på Facebookreferat og gjerne dele dei slik at vi når ut til flest mogleg med aktiviteten i klubben.
31. januar 2022
Besøk på Skaparhuset
Kjersti Kleven med flott presentasjon av Skaparhuset, og planene fremover
10. januar 2022
Helge Gjerde frå Innovasjon Norge
En særs interessant kveld om Innovasjon Norge sitt arbeid lokalt, nasjonalt og globalt.
13. desember 2021
Årsmøte 2020/2021
Årsmøtet gjekk strålande med gode presentasjonar og resultat.
President Thor Martin Eidem kunne vidare orientere om at Lidun Hareide er nominert til Distriktsguvernør 24/25
Med seg får ho Synnøve Riise som Executive Secretary.
30. november 2021
TUSSA IKT
Steinar Hauge og Ivar Driveklepp frå Tussa IKT presenterte bedriften og den fantastiske utviklinga gjennom 20 år, der Sunnmøre blant annet har fått en rekordstor fiberdekning.
22. november 2021
Forefrag av Direktør i Kystverket - Einar Vik Arset
Kystverket Direktør Einar Vik Arset heldt eit gjevande og interessant foredrag om
Kystverket sitt arbeid og planar for framtida.
15. november 2021
Kaffimøte
President Thor Martin Eidem orienterte om framtidsplanar og program.
Kaffi og kaker saman med hyggelig prat rundt borda.
1. november 2021
Dugnad i Rotaryhagen
Fin dugnad i Rotaryhagen på laurdag! Vi sette ut nye blomsterkasser som vi planta vintergrøne og vinterblømande planter i, og planta hundrevis av blomsterløk i dei store kumbeda. Enda sår det att å plante ein del løkar
15. oktober 2021
Havets Festbord på Snorrebuda Mat & Vinhus
Kjekk og tradisjonsrik sosial samling i URK