Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre. Ei familiebedrift som går på skinner og er i stadig utvikling. Eit nytt bekjentskap for mange av oss i Ulstein Rotary, der vi lot oss imponere over kva nokre få eldsjeler kan få til.
I 2020 flytta bedrifta frå Haugsbygda i Sande til Leikong i Herøy kommune. PROAS AS vart starta i 2001 av Reidar Håvik som ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar og teakdekk til båtar. Etter nokre år kom sonen Roy Endre Håvik med, og produksjonen vart utvida til å gjelde reparasjon, ombygging og nybygging av båtar, so vel som produksjon av utstyr i syrefast stål og aluminium. Fram til «oljekrisa» var om lag halvdelen av produksjonen samansett av underlevering av mob-båtar i glasfiber. Sidan vart snikkarverksemda avvikla og produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar/arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber. Dei lagar alt av utstyr i stål og aluminium til båtane som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leiderar med meir. Og dei har samarbeid med andre lokale firma for å få levert ein komplett båt.
Filosofien deira er bygd på at fartøyet "proa" er ein del av maritim historie. Denne type fartøy symboliserer menneskets oppfinningsevne og tilpassing på sjøen.
Dei arbeider proaktivt med å ta stilling til korleis framtida vil sjå ut, og tek avgjersler for at ein på best mogleg måte kan handtere den framtidige situasjonen innan sitt fagområde.
Vi fekk omvisning i produksjonslokale og kontorbygg, og innblikk i firmaet sin rike produksjon. Dei er i dag 8 tilsette, og kunne gjerne vore fleire, men på lik linje med andre er rekruttering ei utfordring. Vi takkar for god mottaking og ynskjer lukke til med vidare arbeid.

15. oktober 2022
Årets Krabbe og rekefest
Krabbe og reker i paviliongen på Kari og Njål sitt paradis på Eiksund.
3. oktober 2022
Ulstein Brannstasjon
19 spente medlemmer møtte for å få omvisning i Ulstein kommune sin nye brannstasjon. Brannsjef Olav Helt Brubakk var den som tok oss imot og ønskte oss velkommen
29. september 2022
Besøk på det nye helsehuset på Hareid
Klubbmedlem og kommunedirektør på Hareid, Ragnhild Velsvik Berge viste oss rundt i bygget.
18. september 2022
Distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island
Lidun Hareide og Synnøve Riise har vore på distriktsguvernørskule og Rotary Action Summit på Island denne veka!
29. august 2022
Besøk av DG Gunhild Aalstad
Ulstein Rotary hadde eit oppløftande møte med Gunhild Aalstad (Distriksguvernør 2022/2023).
22. august 2022
Kaffimøte
Orientering om komitesammensetning, med etterfølgende god prat og diskusjoner rundt bordet.
15. august 2022
Åpning av Rotaryåret 2022/2023
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
Presidentskifte
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø