Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre. Ei familiebedrift som går på skinner og er i stadig utvikling. Eit nytt bekjentskap for mange av oss i Ulstein Rotary, der vi lot oss imponere over kva nokre få eldsjeler kan få til.
I 2020 flytta bedrifta frå Haugsbygda i Sande til Leikong i Herøy kommune. PROAS AS vart starta i 2001 av Reidar Håvik som ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar og teakdekk til båtar. Etter nokre år kom sonen Roy Endre Håvik med, og produksjonen vart utvida til å gjelde reparasjon, ombygging og nybygging av båtar, so vel som produksjon av utstyr i syrefast stål og aluminium. Fram til «oljekrisa» var om lag halvdelen av produksjonen samansett av underlevering av mob-båtar i glasfiber. Sidan vart snikkarverksemda avvikla og produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar/arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber. Dei lagar alt av utstyr i stål og aluminium til båtane som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leiderar med meir. Og dei har samarbeid med andre lokale firma for å få levert ein komplett båt.
Filosofien deira er bygd på at fartøyet "proa" er ein del av maritim historie. Denne type fartøy symboliserer menneskets oppfinningsevne og tilpassing på sjøen.
Dei arbeider proaktivt med å ta stilling til korleis framtida vil sjå ut, og tek avgjersler for at ein på best mogleg måte kan handtere den framtidige situasjonen innan sitt fagområde.
Vi fekk omvisning i produksjonslokale og kontorbygg, og innblikk i firmaet sin rike produksjon. Dei er i dag 8 tilsette, og kunne gjerne vore fleire, men på lik linje med andre er rekruttering ei utfordring. Vi takkar for god mottaking og ynskjer lukke til med vidare arbeid.

10. mars 2023
Torskemiddag og nytt Rotarymedlem
Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.
13. februar 2023
Hødd i 2023
Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.
6. februar 2023
Nye Ulsteinvik Barneskule
Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).
30. januar 2023
HAV Hydrogen
Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.
24. januar 2023
Bedriftsbesøk - Jets Vacuum
Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.
9. januar 2023
Kaffimøte
Arnfinn og Njål orienterte om vårens program. Njål hadde også en 5 minutter om jakt i Austefjordfjella.
12. desember 2022
Båtbesøk - SMARAGD
Lærerik kveld om tråling og snurping av Rederene Kristin Smådal og Torbjørn Hide.