Web Analytics Made Easy - StatCounter

Medlemsforedrag

Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten. Møtet starta med litt informasjon frå president Stig S.Riise før kveldens hovudtalar fekk ordet.

- Presidenten minte om fadderordninga, og fadderen sitt ansvar.  Liste over fadder vert oppdatert.


- Vi har eit mulig prosjekt i gamlebanken på Rise. Huset er verna og er i privat eige. Harald Rise og syskjena er eigarar, og dei er positive til eit samarbeid. Det vert eit samarbeidsmøte mellom vår og Hareid sin dugnadskomite for å kartlegge prosjektet. Huset vert 200 år om to år. Det var ulsteinvikarenl Magnus Brudevoll Skeide som bygde det, og det har vore felles sparebank for begge kommunane. 


Medlemsforedrag ved Gabriela Segredo Benincasa


Gabriela er frå Montevideo i Uruguay, men budde sine første leveår tett ved grensa til Brasil, og elsker difor brasiliansk kultur, og det ser vi godt på hennar levande vesen.  Heimlandet grenser til Brasil og Argentina. 


Gabriela er fødd i 1980. Ho flytta til Norge i 2006, og her har ho fått tre barn. Ho underviser på Ulstein vidaregåande skule.  Ho elsker folk og stortrivst som lærar. Ho er opptatt av å halde kontakten med familien så ho reiser fleire ganger i året til Uruguay. Her i Ulstein har ho ei aktiv fritid med turgåring og trening saman med gode venninner. Koser seg også med maling og matlaging.


Ho liker godt å lære så ho har studert mykje. Først tre år advokatstudium ved universitetet i Uruguay. Lærarutdanning både frå Uruguay og Norge, diverse språkstudier, master og mentorutdanning med meir. Ei svært kunnskapsrik dame, med gode verdiar. Ho er opptatt av likeverd, og det å vere ein god rollemodell. Ho liker å hjelpe andre. Liker å ta ansvar og uttrykke meiningane sine. Ho ynskjer å leve i eit miljø der ein ser kvarandre for sine talent og dyder. 

Vi ser fram til å ha henne som ein positiv og engasjert medlem i vår klubb ☺️




 

11. desember 2023

Årsmøte 11-12-2024

Vi hadde ett fint og engasjerrt medlemsmøte for
ÅRSMØTE.

Kaffimøte med orientering 27-11-2023

27. november 2023

Kaffimøte med orientering 27-11-2023

Kaffimøte og loddsal

Julebord på Bogne

20. november 2023

Julebord på Bogne

Hyggekveld i saman med Herøy Rotaryklubb

VIKINGHUSET PÅ  LEIRA I HJØRUNGAVÅG

13. november 2023

VIKINGHUSET PÅ LEIRA I HJØRUNGAVÅG

Intercity i saman med Hareid Rotaryklubb.

LANDBRUKET I ULSTEIN

6. november 2023

LANDBRUKET I ULSTEIN

Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.

Ulstein Rotary - Solidarisk støtte

5. november 2023

Ulstein Rotary - Solidarisk støtte

Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.

Ulstein Rotary Strandrydding

29. oktober 2023

Ulstein Rotary Strandrydding

Strandrydding frå Ivarfjøra til Gåsneset og Roppesanden. 120kg avfall rydda av ein entusiastisk gjeng.

End Polio Now – Rotarys viktigste prosjekt

24. oktober 2023

End Polio Now – Rotarys viktigste prosjekt

24. oktober er den årlige poliodagen på verdsbasis og dette er Hareid- og Ulstein Rotaryklubb sitt initiativ for å synliggjøre Rotary International sin omfattende kamp for å utrydde polio. Målet er en poliofri verden.

Dugnad i Rotaryhagen

23. oktober 2023

Dugnad i Rotaryhagen

I kveldens duskregn vart Rotaryhagen i Holsekervegen 20 gjort klar for vinteren.

OMVISNING BJØRNDALS MINNE

16. oktober 2023

OMVISNING BJØRNDALS MINNE

Leif Bjørndal holdt en lærerik og interessant presentasjon av Bjørndals Minne om historisk tilbakeblikk, status per dato og planer framover.