Web Analytics Made Easy - StatCounter

Besøk til Metizport for å lære meir om e-sport og gaming

Metizport held til i Dragsundvegen 11 i Herøy. Dei har profesjonelle lag i kjende spel som Counter-Strike 2 og Valorant. Organisasjonen har millionar av følgarar på nett og store sponsorar som Logitech G og Samsung.

Sjølv om dei gjer det sterkt internasjonalt, er dei opptekne av lokalmiljøet sitt. Verksemda jobbar mykje med ungdom, inkludering og motivasjon. I 2025 fekk dei også Herøy kommune sin ungdomskulturpris for dette arbeidet.

Etter foredraget fekk medlemene i Rotaryklubben stille spørsmål. Presidenten takka for ein lærerik time i eit heilt nytt landskap for dei fleste.



 
Kaffimøte

10. november 2025

Kaffimøte

I kaffimøte orienterer presidenten om aktuelle tema, og så er ordet er fritt.

3. november 2025

Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador

Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.

27. oktober 2025

Problematiske stadnamn

Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap

24. oktober 2025

Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25

Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.

Presentasjon av Susteni

20. oktober 2025

Presentasjon av Susteni

Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse

Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen

13. oktober 2025

Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen

Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren

Guvernørbesøk

6. oktober 2025

Guvernørbesøk

Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS

29. september 2025

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS

Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.

Kaffimøte

22. september 2025

Kaffimøte

I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi

Korleis unngå å bli svindla på nett

15. september 2025

Korleis unngå å bli svindla på nett

Lillian Breivik og Wenche Ertesvåg frå
Sparebank 1 orienterte om dette stadig viktigare temaet