Bursdagsfest og president,- og guvernørskifte i Herøy
Herøy Rotaryklubb hadde ei fin markering av sitt 60-års jubileum.
Når dei i tillegg hadde både president, - og guvernørskifte vert det fest. Dei holdt til i kommunens finaste storstove på Horisont hos Rita Sævik. Ordføraren kom med helsing og gave som klubben skulle bruke på eit valfritt prosjekt. Presidenten fortalde om ein engasjert og triveleg klubb. Rita Sævik oppmoda fleire om å støtte barneheimsprosjektet som ho er engasjert i. Helga og Marie sang gamle og nye tekstar, og innkomande president i Ulstein gratulerte og helste frå naboklubben i Ulstein.
Innkomande sekretær Gabriella og innkomande president Ragnhild koste seg saman med rotaryanarar i Herøy og gjestar frå distriktet og andre naboklubbar.
Få eit samandrag av festen ved å følge denne linken :)
3. november 2025
Rita Sævik - om tilhøyrigheit, oppvekst og barneheimen på Equador
Saman med Herøy Rotaryklubb med fleire fekk vi høyre om hennar liv med utgangspunkt i barneheimen i Equador.
27. oktober 2025
Problematiske stadnamn
Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap
24. oktober 2025
Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25
Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.
20. oktober 2025
Presentasjon av Susteni
Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse
13. oktober 2025
Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen
Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren
6. oktober 2025
Guvernørbesøk
Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap
29. september 2025
Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS
Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.
22. september 2025
Kaffimøte
I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi
15. september 2025
Korleis unngå å bli svindla på nett
Lillian Breivik og Wenche Ertesvåg frå
Sparebank 1 orienterte om dette stadig viktigare temaet
8. september 2025
Bedriftsbesøk hos Island Offshore
Trond Hauge og Andre Almestad tok vel imot oss på administrasjonsbygget på Stålhaugen i Ulsteinvik. Dei presenterte selskapet, drifta og aktuelle prosjekt.