Ragnhild Velsvik Berge er ny Rotary-president
Ulstein Rotaryklubb markerte måndag 22. juni det årlege presidentskiftet med rekordstort oppmøte på Kråen Gard i Sande.
.
.
Avtroppande president Stig Sandanger Riise takka for året som har gått, før han ga stafettpinnen videre til Ragnhild Velsvik Berge.
Den påtroppande leiaren takka den avtroppende leiaren for hans innsats. Ho peikte på veien vidare ved å minne om verdien av eit godt og kvalitetsrikt fellesskap, og medlemmane sitt felles ansvar for å forme organisasjonen si framtid.
Møtet markerte ei vellykka avslutning på Rotaryåret 25/26, og baud på både historier, loddsal og nye fjes:
- Nytt medlem: Britt Oddhild Rørvik flyttar frå Ålesund Rotaryklubb til Ulstein i august.
- Klubbkassa: Det vart samla inn ein fin slump til klubbkassa gjennom kveldens loddsal.
15. august 2022
Åpning av Rotaryåret 2022/2023
President Arnfinn Godø holdt orienteringsmøte vedr. planene for det nye Rotaryåret.
20. juni 2022
Presidentskifte
President Thor Martin Eidem overlet roret til Innkomande President Arnfinn Godø
30. mai 2022
«Ecologically restorative urchin aquaculture»
Denne kvelden fekk Ulstein Rotaryklubb besøk av Brian Tsuyoshi Takeda, grunnleggjar og administrerande direktør i det globale selskapet Urchinomics, som har hovudkontor i Ulsteinvik.
23. mai 2022
Møte i Bugardshuken, og tur rundt Osberget
Kaffimøte med sjokolade og diskusjoner om framtidige prosjekt. Flott tur rundt Osberget for å inspisere stien som kanskje snart har behov for litt ny omsorg.
9. mai 2022
Rotary Medlemsnett og My Rotary.
Stig Ole Borgundvåg heldt eit lærerikt foredrag om Rotary Medlemsnett og My Rotary.
25. april 2022
Koronapandemien
Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde fortalde om korleis ho opplevde pandemien.
4. april 2022
Skattemeldingen 2021
President Thor Martin Eidem presenterte etterføljaren sin Stian Sunde Karlsen i BDO. Etter det gav han oss ein god leksjon i Skattemeldinga, og endringane som gjelder for 2021 - samt det som kjem for 2022.
28. mars 2022
Orienteringsmøte om The Rotary Foundation frå Gunnar Kvalsund
Gunnar Kvalsund er godt kjend for klubben gjennom sitt store engasjement i Rotary. Han har mellom
anna vore distriktsguvernør, og er no distriktsrepresentant for Rotary Foundation.
21. mars 2022
Njål Vikanes: Historier om Nordområdene
Njål Vikanes fortalte om Franklins mislykka ekspedisjon til Nordvestpassasjen med musikk og innlevelse.