Web Analytics Made Easy - StatCounter
KLUBBEN / OM ULSTEIN ROTARYKLUBB

Google
Map data ©2022
Map data ©2022

Ulstein Rotary har 38 medlemmer pr. 26.09.2022 


Litt historie:


I november 1962 var kring 25 personar frå Ulstein og Hareid samla på Solstrand pensjonat på Hareid for å drøfte skipinga av ein Rotaryklubb som skulle vere felles for dei to kommunane. 

Nokre medlemer i Ålesund rotaryklubb, med mellom anna konsul Karsten Larsen, var til stades for å orientere om formålet til Rotary.

  

I utgangspunktet hadde ein sett for seg ein felles klubb for dei to kommunane, men den ideen vart skrinlagd sidan ein meinte det var mogleg å få nok medlemer (25 personar som var minstekravet) til å skipe ein klubb i kvar av kommunane.

 

Sidan møteboka for dei første åra manglar, og også permar med korrespondansen er borte - så er man i dag usikker på om det var:

1) Eit felles arbeidsutval med seks personar opphavleg, og at der var tre medlemer frå kvar kommune. 

2) Eller om det frå først av vart sett med to arbeidsutval - eitt frå kvar kommune, med tre medlemer i kvar. 


I utvalet for Ulstein var Asbjørn Waage, Gudbjørn Nordal og Per G. Osnes med.

 

Det skulle gå raskare å få i sving ein klubb i Ulstein.  Truleg har det si forklaring i at Bjarne Reite som nyleg hadde flytta til bygda, hadde vore medlem i Stranda rotaryklubb og dermed var godt inne i regelverket for organisasjonen.  

Bjarne skulle også bli den første presidenten i klubben. 














Ulsteinvik, ein bygdeby i rask utvikling i åra kring skipinga av Ulstein Rotary Klubb. 

Kommuneingeniør Bjarne Reite var vår første president.
Her presenterer han nye planar for Ulsteinvik sentrum, saman med rådmann Asbjørn Waage.


 



Charterdato for Ulstein er 26. april 1963. Ved ei tilstelling på Ulstein hospits i oktober 1963 overrekte guvernør Jack Nielsen Charterbrevet som stadfesta at klubben var ein fullverdig medlem i den verdsomfemnande organisasjonen.

Flere bilder fra Charterfesten kan du se her


(Charterdato for Hareid ble 1. mars 1965)

 

Original liste over Charter-medlemmer i Ulstein 23. mars 1963 :  



 

Ut frå første eksisterande møtebok som byrjar i 1968, synest det som at Peder Fritz Waage har vore ein sentral premissleverandør når det gjaldt fleire av arbeidsoppgåvene i klubben. 

Waage som reiste over til England under krigen, var mellom anna stasjonert i Peterhead i Skottland.

 

I 1970 då ulsteinklubben diskuterte om ein skulle satse på å få ein venskapsklubb i eit nabofylke, kom det brev frå Turiff i Skottland - ein ønskte å vere venskapsklubb med Ulstein. Dette ønsket var basert på kontaktar som Peder Fritz hadde fått med rotarymedlemer der borte. 

 I 1972 kom dei første ungdomane frå Turiff på besøk til Ulstein. Året etter var det ungdomar frå Ulstein som reiste til Turiff. 

Med åra har det vorte mange slike venskapsturar over Nordsjøen. 

Denne ungdomsutvekslinga, som har kosta mykje tid og pengar, har vore sentral i det internasjonale arbeidet i Ulstein rotaryklubb fram til ca 2010.

 

P.F. Waage var sterkt oppteken av å ta vare på historiske minnesmerke. 

I lag med broren, Asbjørn, som skreiv slektssoga for Ulstein, vart det i klubben fokusert mykje på vernearbeid. 

I 1970 utførde klubben dugnadsarbeid på Kleivastova. 

Klubben gjorde mykje dugnadsarbeid på og ved den gamle kyrkjegarden på Ulstein. 

Og då Ulstein bondekvinnelag i 1972 lanserte tanken om å byggje oppatt ein kopi av den vesle steinkyrkja som hadde stått ute på Ulstein, fekk planen full tilslutning i Rotary. Rotary sette også ned ei eiga nemnd til prosjektet. Men riksantikvaren meinte at atterreising av kyrkja var eit for stort prosjekt. Ein nøgde seg i staden med å lage ei markering av yttermurane i den gamle kyrkja.

 

Men eit anna stort prosjekt som vart gjennomført noko seinare, var flytting av det gamle brennevinsutsalet tilbake på Borgarøya. Denne stova som hadde vorte flytt til Låna her i Vik, vart nedteken og sett oppatt på Borgarøya.

 

Elles har Rotaryklubben gjennom åra ytt ein mangslungen dugnadsinnsats. Ein kan nemne rydding av turstiar, vedlikehald av kvernhus og planting av skog.


I de senere år kan spesielt nevnes:


  • I 2017 & 2018 satte Ulstein Rotary opp 2 gapahuker i Ulstein - Bugardshuken og Lisjevatnhuken.
  • I 2019 kom Høddmonumentet på plass i Ulsteinvik sentrum i høve Hødd sitt 100års jubileum, som en gave fra Ulstein Rotaryklubb gjennom innsamlede midler. 

Likestilling

I starten var Rotary berre open for mannlege medlemer. Men det skulle vere ein klubb der ein skulle representere eit yrke, framfor å vere ein vanleg privat medlem. Etter kvart som kvinnene kom meir og meir med i arbeidslivet, og også fekk leiande stillingar, vart det heldigvis vanskeleg å argumentere for at dei skulle haldast utanom Rotary. 

Av dei meir kuriøse argumenta som vart brukte i Ulstein kan det refereres eitt. 

Ein medlem reiste seg opp og fortalde at han kjende ein utesiglar i handelsfloten som hadde vore ute i 7 år før han kom heim til kona og borna. Når andre kunne greie seg utan kona i så mange år, måtte vel Rotarymedlemene greie seg utan damer i ein time når det var møtekveld.


Men kvinner vart som rett var inviterte til å halde foredrag i klubben, og dei var flinke. Dermed brast heldigvis demninga, og i 1995 vart Synnøve Overvåg og Turid Tranvåg dei første kvinnelege medlemene i Ulstein Rotary. I år 2000 vart også Turid Tranvåg den første kvinnelege presidenten i klubben.  

No i dag er Ulstein Rotary mellom dei klubbene i landet som har prosentvis mest kvinnelige medlemmer.

 



Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...