Web Analytics Made Easy - StatCounter

Velferdsteknologi med Hildegunn Utgård (Åpent referat)


Hildegunn Utgård - prosjektleiar i Sjustjerna omsorg, holdt er interessant foredrag om kva velferdsteknologi er.
Vi fekk da også høre om hvilke velferds-teknologiske løsninger har blitt tatt i bruk i Ulstein Kommune spesifikt.

Se også på hjemmesiden til Ulstein Kommune

Utdrag fra referat:

På vegne av UIstein Rotaryklubb ønskte sekretær Ingunn Hestnes velkomen til Hildegunn Utgård,  som kom for å snakke om temaet  velferdsteknologi. 
 
Hildegunn Utgård har det siste året vore prosjektleiar for velferdsteknologi i 7- stjerna (dei 7 kommunane: Hareid, Herøy, Ulstein, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda). Ho er utdanna fysioterapeut og held også på med ei Master oppgåve innan helsefag.  
 
Velferdsteknologi er ein fellesnemnar for tekniske installasjonar og løysningar som 
kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i eigen bustad, og bidra til å sikre livskvalitet og verdigheit for brukaren. Ved å nytte velferdsteknologi vil ein ifølgje Utgård frigje ressursar, slik at dei «varme hendene» kan nyttast der dei trengst. Velferdsteknologi vil føre til at folk kan bu heime lenger fordi dei har teknologi som gjer at dei meistrar kvardagen, noko som 
igjen skapar tryggheit. 

Ved å ha ein medisin dispenser som fortel deg når du må ta medisinen din, og som doserar ut rett mengde, slepp ein å vente på at heimetenesta skal kome for å gjere dette. For enkelte er det særs viktig at medisinen vert teken til eit fast tidspunkt kvar dag, noko ein slik dispenser vil sikre.  Velferdsteknologi kan gje betre tenester for heimebuande eldre, pasientar på sjukeheim, innan rus og psykisk helse og personer med nedsett funksjonsevne. 
 
Dei 7 kommunane er med i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet «Morgendagens omsorg». Programmet, som er eit samarbeid mellom KS, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet skal bidra til at fleire kommunar tek i bruk velferdsteknologi. Per i dag er det 270 kommunar med i programmet. I Stortingsmelding 29 (2012-2013) om morgondagens omsorg vert det uttalt at velferdsteknologi skal vere ein integrert del av tenestetilbodet til omsorgssektoren innan 2020. Det er vidare eit overordna mål at kommunen sitt tilbod skal vere heilheitleg og tilpassa den enkelte brukaren sine behov for omsorg, tryggheit, mestring og kvalitet. Det er med andre ord brukaren som skal vere i sentrum. 
 
For å sikre berekraftige tenester i framtida må ein ta i bruk teknologi. Fram mot 2050 vil 25% av befolkninga vere over 67 år, og det vil vere færre hender til å yte den hjelpa som trengt.  Morgondagen vil ha ein ressurssterkt seniorgenerasjon, med høgare utdanning, inntekt, og større forventning til medverknad. Framtidas brukarar vil vere vande med å nytte teknologi, ha større innsikt i sine rettar og folk vil leve lenger med sjukdom. Samstundes vil pasientar verte utskrivne tidlegare frå sjukehus, slik at kommunen sine brukarar vil vere sjukare. Om ein skal klare å møte framtida sitt omsorgsbehov utan teknologi må 1/3 av innbyggarane utdanne seg til helsearbeidarar. 
 
Velferdsteknologi kan mellom anna vere digitalt tilsyn, medisin dispenserar/ robot som seie at no må du ta medisin, elektroniske låsar, GPS, kunstige gjerder, digitale huskelister med meir.  Fordelen ved å nytte digitalt tilsyn er at ein kan sleppe å bemanne opp med personale om natta, og prioritere hjelpa dit den trengst. Digitalt tilsyn vil og førebyggje skader og alvorlege hendingar. Dersom ein person til dømes har lett for å ramle ut av senga, kan ein stille inn det digitale tilsynet slik at ein får eit varsel om at vedkomande har sett seg opp i senga.  I Ulstein kommune har ein per i dag 10 digitale tilsyn. På sjukeheimen har ein gjort klåre alle rom for digitale tilsyn. Utgård fortalde at ein ikkje nyttar ikkje GPS i noko særleg utstrekning i dag.  Kommunane  kan ikkje nytte velferdsteknologi utan vidare, då regelverket set enkelte skrankar. Inngripande tiltak som til dømes digitalt tilsyn kan bli vurdert som tvangsvedtak om den enkelte ikkje samtykker/ ikkje er samtykkekompetent. 
 
Utgård understreka at velferdsteknologi ikkje skal erstatte tenester, men vere eit supplement. Velferdsteknologi er kostbart, og noko må den enkelte brukaren koste sjølv. Dette gjeld til dømes tryggleiksalarm. Dersom velferdsteknologien er nødvendig for å gje forsvarleg helsehjelp, er det  kommunen som skal dekke kostnaden. 
 
Det som vert fokus for det interkommunale prosjektet framover er å kome i hamn med dei teknologi løysingane som vert tilrådd i det nasjonale programmet som skal gå i eitt år til. For å klare det må ein i følgje Utgård vere tett på heile tida.
 
Sekretær Hestnes takka Utgård for eit spanande foredrag og overrekte eit sett med osteknivar i gåve. 
  
Referat v/Ingunn Hestnes -  sekretær 

Åpent referat (Fullversjon) fra møtet: LINK

I høve kveldens foredrag om Velferdteknologi viser Margot eksempel på dette :)






 
Første møte i Rotary-Året 2019/2020

19. august 2019

Første møte i Rotary-Året 2019/2020

President Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om aktivitetar utover hausten.
Et høydepunkt for klubben vil være avdukingen av Hødd-monumentet, seinast i oktober 2019!

Denne gjengen startet Rotaryåret litt på forskudd med dyrebar transport av rør til Hødd-monumentet

12. august 2019

Denne gjengen startet Rotaryåret litt på forskudd med dyrebar transport av rør til Hødd-monumentet

Vi gler oss til å sjå monumentet ferdig iløpet av høsten 2019!

Presidentskifte 2019/2020

24. juni 2019

Presidentskifte 2019/2020

Ulstein Rotaryklubb takkar avtroppande President
Finn-Ove Kvalsvik for den flotte innsatsen og ynskjer
innkomande President Bjørn Gunnar Tafjord lykke til.

Kaffemøte med informasjon rundt Høddmonumentet

17. juni 2019

Kaffemøte med informasjon rundt Høddmonumentet

Det pågår fortsatt proseess med å få fullfinansiert Høddmonumentet før man kan sette igang bestilling.

Bedriftsbesøk: Ko&Ko AS

3. juni 2019

Bedriftsbesøk: Ko&Ko AS

Intercity Herøy & Ulstein.
Vi var så heldige å få presentasjon og omvisning på Ko&Ko AS sine nye fantastiske lokaler på Mjølstadneset i Herøy.

Dugnad på Lisjevanthuken

27. mai 2019

Dugnad på Lisjevanthuken

Sluddbyger i lufta, men kaffi pølse og brød gav god stemning i dugnadsgjengen.

Kaffemøte med info fra PETS - Åpen presentasjon.

20. mai 2019

Kaffemøte med info fra PETS - Åpen presentasjon.

Lidun Hareide og Bjørn Gunnar Tafjord orienterte om PETS lederseminar på Dombås.

Aksel Hauge - Historie fra Krigen

13. mai 2019

Aksel Hauge - Historie fra Krigen

Hør opptak fra foredraget om blant annet Arthur Gustav Osnes fra Ulstein som dro over til Shetland / England som 17-åring, ble med i flyvåpenet og omkom bare 19 år gammel.

Trygg oppvekst

6. mai 2019

Trygg oppvekst

Trygg oppvekst v/ lensmannen i Ulstein og Hareid, Hans-Eirik Pettersen

Hvordan var det som liten gut å vokse opp blandt tyske soldater under krigen

29. april 2019

Hvordan var det som liten gut å vokse opp blandt tyske soldater under krigen

Sigmund Borgundvåg fortalde om barndomen på Stadt der han vaks opp med tyske soldatar, våpen og ammunisjon i huset.

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...