Distriktskonferanse på Øyer
Sekretær Lidun Hareide, Kasserar Synnøve Riise og President Bjørn Gunnar Tafjord hadde en fantastisk weekend på årets distriktskonferanse!
Vårt Rotary distrikt (2305) som omfattar Innlandet fylke, Sunnmøre og Romsdal, hadde distriktskonferanse på Øyer helga 20. – 22. september.
Totalt 185 personar deltok frå 50 ulike klubbar.
Konferansen
serverte oss spanande lærerike foredra
av mellom anna professor i filosofi Einar Øverenget, president i Noregs Raude
Kross, Robert Mood, og Knut Henrik Aas frå AR og VR-firmaet Eon Reality. I
tillegg stilte klubbane ut ulike prosjekt dei er involverte i, og både
utveklsingstudentane og rotarymedlemmer bidrog med underhaldning.
Mellom deltakarane var også 30
utvekslingsstudentar frå heile verda, som sette ein fargerik spiss på
konferansen.
Sekretær Lidun Hareide og President Bjørn Gunnar Tafjord
Det vart
halde årsmøte for distriktet, og den nye distriktsguvernøren for Rotaryåret
2020-2021 vart presentert. Dette viste seg å vere Hans Olav Osbak frå Elverum,
ektemannen til nåværende guvernør - Vigdis Osbak, og som også var med på guvernørvitjinga i
Ulsteinvik .
Vigdis Osbak (DG) og Hans Olav Osbak (DGE) fotografert under Guvernørbesøket i Ulsteinvik 16 september 2019
Referat: Lidun Hareide - sekretær
Bilder: Synnøve Riise - Kasserer
Link til fullt referat: LINK
21. oktober 2018
Årets krabbefest!
Vi takkar Kari og Njål for at dei opna heimen sin til årets krabbefest då veret var for ruskete på Eiksund.
Vakkert pynta med maritim dekor til krabbe og rekebordet.
15. oktober 2018
Ulstein Rotary sitt iniativ for et monument i høve Hødd sitt 100års jubileum.
Kaffimøte med orientering av President Finn Ove Kvalsvik.
Presentasjon av monumentet som Ulstein Rotary har tatt initiativ til i høve Hødd sitt 100 års jubileum.
Dette blir vakkert !
7. oktober 2018
Åpning av Lisjevatnhuken + Paul Harris fellow til Lindor Skeide!
Med vérgudane på vår side vart det godt oppmøte og ei særs vellukka opning av Lisjevatnhuken i dag!
Kultursjef Leif Ringstad klippte snora, og ikke minst ble Lindor Skeide tildelt den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen!
1. oktober 2018
Presidentens time
President 2018/2019
Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time om målsetnadar og oppgåver i året som kjem.
24. september 2018
Unni Takseth med gjevande kåseri
Past President Synnøve Riise takkar Unni Takseth for eit gjevande kåseri om dugnadsånda i dagens travle samfunn. Avslutningsvis las ho dikt om freistande frukter i Edens hage.
10. september 2018
Lisjevanthuken er ferdig! :)
Lisjevatnhuken ferdig i kveld rett før vi mørkna ute. Bord, benkar og steingolv vart fint.
Topp arbeidslyst med god kaffi og vafler til.
3. september 2018
Dugnad Lisjevatnhuken!
Lisjevatnhuken dugnad i kveld med legging av heller.
God kaffi og kaker fra Turid og Voitto.
27. august 2018
Foredrag med Gerd Vik Flø
Foredrag med Gerd Vik Flø om barneheimen Suwalkis Venner og overrekking av overskot frå lotteriet forrige møte.