Presidentens time
President Lidun Hareide informerte om guvernørbesøket, opplegg for poliodagen 24.10., og innspel til levekårsutvalet m.m.Stig SR orienterte om medlemsvervinga, korleis stoda var, behov for fadrar, og han viste ei oversikt over personar som hadde vorte inviterte til å verte medlemmar. Nokon hadde sagt ja, nokon nei. Klubben har pr i dag 47 aktive medlemmar.
Så vil vi prøve å gjenopplive tradisjonen med korte innlegg (5-10 min). I den samanhengen heldt Håkon Waage innlegg om Ros – ris - fortent – ufortent. Stikkord: krevjande, konstruktivt, positivt, negativt
Dugnad
Dugnad på gapahukane kjem, sannsynlegvis første gong 3.10. på føremiddag. (God vermelding.) Otto Kjetil sender ut innkalling . Otto Kjetil må få tilbakemelding om kven som kan/ikkje kan. Det vert grunning, snekring og beising.
Referat frå Styremøtet: LINK
Fullt referat frå Medlemsmøtet: LINK
Referat: Eldrid Anne Vik (Sekretær) / Foto:Jan Einar Saunes / Web: Stig Ole Borgundvåg
27. oktober 2025
Problematiske stadnamn
Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap
24. oktober 2025
Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25
Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.
20. oktober 2025
Presentasjon av Susteni
Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse
13. oktober 2025
Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen
Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren
6. oktober 2025
Guvernørbesøk
Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap
29. september 2025
Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS
Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.
22. september 2025
Kaffimøte
I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi
15. september 2025
Korleis unngå å bli svindla på nett
Lillian Breivik og Wenche Ertesvåg frå
Sparebank 1 orienterte om dette stadig viktigare temaet
8. september 2025
Bedriftsbesøk hos Island Offshore
Trond Hauge og Andre Almestad tok vel imot oss på administrasjonsbygget på Stålhaugen i Ulsteinvik. Dei presenterte selskapet, drifta og aktuelle prosjekt.
1. september 2025
Erfaringar frå reklamebransjen i New York
Henrik Bakke Hareide delte sine erfaringar frå 9 år i Amerika