Web Analytics Made Easy - StatCounter

Julebord på Bogne


Hyggekveld i saman med Herøy Roataryklubb

For Ulstein Rotaryklubb vart årets julebord holdt på Bogne Braseri Fosnavåg, og mange medlemmer med følgje møtte opp til ein hyggekveld i saman med Herøy Rotaryklubb.

President Leif Jon Hansen for Herøy Rotary klubb ønskte oss alle velkommen til ein hyggekveld med lutefisk og julemat.

Det vart servert nydeleg lutefisk og klassisk julemat med tilbehøyr. Maten smakte framifrå godt og det var god stemning rundt bordet. Lokalet var flott pynta med fleire langbord.

 Til dessert vart det servert riskrem, kaker, herleg karamellpudding saman med kaffi osv. I tradisjonen tro hadde vi song, vitsar og quiz.

 

President Stig Ole Borgundvåg takker kokken for maten.

  Hege Longva

Synnøve Riise

Tusen takk til alle saman for ein hyggeleg kveld.


 

27. oktober 2025

Problematiske stadnamn

Klubben har mange interne ressursar, og denne kvelden var det Johan Ottesen som delte av sin kunnskap

24. oktober 2025

Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25

Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.

Presentasjon av Susteni

20. oktober 2025

Presentasjon av Susteni

Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse

Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen

13. oktober 2025

Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen

Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren

Guvernørbesøk

6. oktober 2025

Guvernørbesøk

Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS

29. september 2025

Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS

Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.

Kaffimøte

22. september 2025

Kaffimøte

I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi

Korleis unngå å bli svindla på nett

15. september 2025

Korleis unngå å bli svindla på nett

Lillian Breivik og Wenche Ertesvåg frå
Sparebank 1 orienterte om dette stadig viktigare temaet

Bedriftsbesøk hos Island Offshore

8. september 2025

Bedriftsbesøk hos Island Offshore

Trond Hauge og Andre Almestad tok vel imot oss på administrasjonsbygget på Stålhaugen i Ulsteinvik. Dei presenterte selskapet, drifta og aktuelle prosjekt.

Erfaringar frå reklamebransjen i New York

1. september 2025

Erfaringar frå reklamebransjen i New York

Henrik Bakke Hareide delte sine erfaringar frå 9 år i Amerika