Ulstein Rotaryklubb bidrog til strandrydding i Johanfjøra i Garsholhølen søndag 20. oktober!
I strålande haustvêr var Ulstein Rotaryklubb med små og store som deltok i strandryddinga på det vakre turområdet Johanfjøra i Garsholhølen. Aksjonen startar klokka 12 og varte fram til klokka 16.
Sjekk ut vår FB side for fleire bilete: https://www.facebook.com/ulsteinrotaryklubb
Dette er ein flott sjanse til å bidra til eit reinare nærmiljø – eit område som vert hyppig brukt av både skular og barnehagar. Vi er spesielt stolte over å kunne skape eit miljøengasjement på tvers av generasjonar, der både barn og barnebarn stiller opp. Dette gir viktig læring for framtida, og viser korleis vi alle kan ta ansvar for naturen vår.
Ein dag med godt samhald og viktige bidrag til miljøet.
Les gjerne om aksjonen her: ryddenorge.no/aksjon/53901
Fotograf: Synnøve Riise
13. januar 2025
Måndag 13. januar samla Ulstein Rotaryklubb sine engasjerte medlemmar seg til eit triveleg og inspirerande medlemsmøte.
6. januar 2025
Vi hadde gleda av å starte året med eit interessant foredrag av Stig Sandanger Riise, som sette søkelys på ein dramatisk del av polarhistoria
2. desember 2024
Under eit engasjerande møte i Ulstein Rotaryklubb heldt arkeolog Arve Eiken Nytun eit lærerikt foredrag om forminne i regionen, frå steinalderen til mellomalderen.
18. november 2024
Ulstein Rotaryklubb på eksklusiv omvisning: Eit bygg for framtida hos Kongsberg Maritime
11. november 2024
Vi samlast for hyggelig kaffimøte i godt lag der Thor Martin Eidem held informasjon frå styremøtet tidlegare på kvelden
4. november 2024
Den 4. november møtte Ulstein Rotaryklubb til eit interessant foredrag på Reiten 22, der Lars Erling Bjåstad var invitert til å fortelje om korleis Ulstein kommune jobbar med flyktningar og integrering
28. oktober 2024
Måndag kveld møttest Hareid, Ulstein og Herøy Rotaryklubbar til Intercity-møte på Klubbhuset i Hareid. Frå klokka 18:00 til 20:30 var det eit engasjerande program, der måla for Rotaryåret 2024/2025 vart presentert og diskutert.
24. oktober 2024
Vi treng din støtte for å beskytte framtidige generasjonar frå polio. Saman kan vi gjere ein stor forskjell.
21. oktober 2024
Kaffemøte med ymse orientering som er verdt å merke seg framover.
20. oktober 2024
Ulstein Rotaryklubb bidrog til strandrydding i Johanfjøra i Garsholhølen søndag 20. oktober!