Korleis unngå å bli svindla på nett
Lillian Breivik og Wenche Ertesvåg frå Sparebank 1 orienterte om dette stadig viktigare temaet.
Privatpersonar vert utsette for mange typer svindel, men fire går igjen. Telefonsvindel, kortsvindel, investeringssvindel og kjærleikssvindel. Telefonsvindel rammer oftast dei over 60 år. Det same gjer kjærleiks- eller relasjonssvindel, og her er kvinner mest ramma. Investeringssvindel rammer oftast menn.
Vi fekk gode råd, og interesserte kan sjå på facebooksida vår kva desse gjekk ut på.
12. november 2018
Omvising Tingretten i Volda
Omvising Tingretten i Volda med Tingrettsdomar Elisabeth Wiik
Særs lærerikt om oppgåvene dei har.
President Finn-Ove Kvalsvik takkar med blomar.
29. oktober 2018
Herøy Kystlag omvisning med Robert Voldnes
Herøy Kystlag omvisning med Robert Voldnes. Interessant om arbeidet med å ta vare på kystkulturen og gamle båtar.
Fellesmøte med Herøy Rotary.
28. oktober 2018
Svein Eiksund får utmerkerlsen "Rotary Paul Harris Fellow"
Eiksund har i fleire ti-år arbeidd med songkor og musikk, både lokal og sentralt. Han har stått fram som kanskje den mest markante personen i korrørsla, både i eigen kommune, og på Sunnmøre.
21. oktober 2018
Ulstein Rotaryklubb stilte med 11 bøsseberarar under årets TV-aksjon
Ulstein Rotaryklubb stilte med 11 bøsseberarar under årets TV-aksjon for Kirkens Bymisjon: Mindre Alene Sammen! ❤️
21. oktober 2018
Årets krabbefest!
Vi takkar Kari og Njål for at dei opna heimen sin til årets krabbefest då veret var for ruskete på Eiksund.
Vakkert pynta med maritim dekor til krabbe og rekebordet.
15. oktober 2018
Ulstein Rotary sitt iniativ for et monument i høve Hødd sitt 100års jubileum.
Kaffimøte med orientering av President Finn Ove Kvalsvik.
Presentasjon av monumentet som Ulstein Rotary har tatt initiativ til i høve Hødd sitt 100 års jubileum.
Dette blir vakkert !
7. oktober 2018
Åpning av Lisjevatnhuken + Paul Harris fellow til Lindor Skeide!
Med vérgudane på vår side vart det godt oppmøte og ei særs vellukka opning av Lisjevatnhuken i dag!
Kultursjef Leif Ringstad klippte snora, og ikke minst ble Lindor Skeide tildelt den prestisjetunge Paul Harris Fellow prisen!
1. oktober 2018
Presidentens time
President 2018/2019
Finn-Ove Kvalsvik med Presidentens time om målsetnadar og oppgåver i året som kjem.