Bedriftsbesøk hos Proas AS på Leikong
Ved sidan av kyrkjelydshuset på nedsida av vegen på Leikong finn du ein god representant for den maritime klynga på Sunnmøre. Ei familiebedrift som går på skinner og er i stadig utvikling. Eit nytt bekjentskap for mange av oss i Ulstein Rotary, der vi lot oss imponere over kva nokre få eldsjeler kan få til.
I 2020 flytta bedrifta frå Haugsbygda i Sande til Leikong i Herøy kommune. PROAS AS vart starta i 2001 av Reidar Håvik som ein snikkarverkstad for produksjon av innreiingar og teakdekk til båtar. Etter nokre år kom sonen Roy Endre Håvik med, og produksjonen vart utvida til å gjelde reparasjon, ombygging og nybygging av båtar, so vel som produksjon av utstyr i syrefast stål og aluminium. Fram til «oljekrisa» var om lag halvdelen av produksjonen samansett av underlevering av mob-båtar i glasfiber. Sidan vart snikkarverksemda avvikla og produksjonen består no av eigenutvikla sjarkar/arbeidsbåtar i formstøypt glasfiber. Dei lagar alt av utstyr i stål og aluminium til båtane som maskinhus, luker, dører, rekkverk, master og leiderar med meir. Og dei har samarbeid med andre lokale firma for å få levert ein komplett båt.
Filosofien deira er bygd på at fartøyet "proa" er ein del av maritim historie. Denne type fartøy symboliserer menneskets oppfinningsevne og tilpassing på sjøen.
Dei arbeider proaktivt med å ta stilling til korleis framtida vil sjå ut, og tek avgjersler for at ein på best mogleg måte kan handtere den framtidige situasjonen innan sitt fagområde.
Vi fekk omvisning i produksjonslokale og kontorbygg, og innblikk i firmaet sin rike produksjon. Dei er i dag 8 tilsette, og kunne gjerne vore fleire, men på lik linje med andre er rekruttering ei utfordring. Vi takkar for god mottaking og ynskjer lukke til med vidare arbeid.

12. desember 2023
Medlemsmøte hos Larsnes Mekaniske
Bedriftsbesøk til Larsnes Mekkaniske Verksted med en usedvanlig engasjert og positiv Daglig leder Jarle Gunnarstein
6. november 2023
LANDBRUKET I ULSTEIN
Presentasjon av landbruket i Ulstein av avdelingsleder hos Landbrukskontoret; Anne Kathrine Løberg, med påfølgende besøk i det hypermoderne fjøset til Jonas Flø.
5. november 2023
Ulstein Rotary - Solidarisk støtte
Etter invitasjon frå Ulstein Sokn, deltok Ulstein Rotaryklubb søndag kveld 05.11.23 med å markere solidarisk støtte til sivile som er offer for krig i Ukraina og Midtausten.
29. oktober 2023
Ulstein Rotary Strandrydding
Strandrydding frå Ivarfjøra til Gåsneset og Roppesanden. 120kg avfall rydda av ein entusiastisk gjeng.
24. oktober 2023
End Polio Now – Rotarys viktigste prosjekt
24. oktober er den årlige poliodagen på verdsbasis og dette er Hareid- og Ulstein Rotaryklubb sitt initiativ for å synliggjøre Rotary International sin omfattende kamp for å utrydde polio. Målet er en poliofri verden.
23. oktober 2023
Dugnad i Rotaryhagen
I kveldens duskregn vart Rotaryhagen i Holsekervegen 20 gjort klar for vinteren.