Medlemsforedrag
Møte med presentasjon av nytt medlem og litt informasjon frå presidenten. Møtet starta med litt informasjon frå president Stig S.Riise før kveldens hovudtalar fekk ordet.
- Presidenten minte om fadderordninga, og fadderen sitt ansvar. Liste over fadder vert oppdatert.
- Vi har eit mulig prosjekt i gamlebanken på Rise. Huset er verna og er i privat eige. Harald Rise og syskjena er eigarar, og dei er positive til eit samarbeid. Det vert eit samarbeidsmøte mellom vår og Hareid sin dugnadskomite for å kartlegge prosjektet. Huset vert 200 år om to år. Det var ulsteinvikarenl Magnus Brudevoll Skeide som bygde det, og det har vore felles sparebank for begge kommunane.
Medlemsforedrag ved Gabriela Segredo Benincasa
Gabriela er frå Montevideo i Uruguay, men budde sine første leveår tett ved grensa til Brasil, og elsker difor brasiliansk kultur, og det ser vi godt på hennar levande vesen. Heimlandet grenser til Brasil og Argentina.
Gabriela er fødd i 1980. Ho flytta til Norge i 2006, og her har ho fått tre barn. Ho underviser på Ulstein vidaregåande skule. Ho elsker folk og stortrivst som lærar. Ho er opptatt av å halde kontakten med familien så ho reiser fleire ganger i året til Uruguay. Her i Ulstein har ho ei aktiv fritid med turgåring og trening saman med gode venninner. Koser seg også med maling og matlaging.
Ho liker godt å lære så ho har studert mykje. Først tre år advokatstudium ved universitetet i Uruguay. Lærarutdanning både frå Uruguay og Norge, diverse språkstudier, master og mentorutdanning med meir. Ei svært kunnskapsrik dame, med gode verdiar. Ho er opptatt av likeverd, og det å vere ein god rollemodell. Ho liker å hjelpe andre. Liker å ta ansvar og uttrykke meiningane sine. Ho ynskjer å leve i eit miljø der ein ser kvarandre for sine talent og dyder.
Vi ser fram til å ha henne som ein positiv og engasjert medlem i vår klubb ☺️

24. oktober 2025
Ulstein Rotary markerer poliodagen 24.10.25
Rotaryklubbar over heile landet går saman om å utrydde polio. Bill Gates Foundation bidreg slik at for kvar lokal krone som vert samla inn, vert det 3 kroner.
20. oktober 2025
Presentasjon av Susteni
Arild Hatløy og Alf Einar Moldtubakk orienterte om tenestene deira innan innovasjon og analyse
13. oktober 2025
Dugnad i Rotaryhagen i Holsekerdalen
Ein fin gjeng sytte for at hagen ved omsorgsbustadane er klar for vinteren
6. oktober 2025
Guvernørbesøk
Klubbane i Ulstein, Herøy og Hareid hadde fellesmøte med guvernøren for vårt distrikt. Hareid var vertskap
29. september 2025
Bedriftspresentasjon ved Glen Bradley frå Rostein AS
Rostein AS er eit av dei tre største brønnbåtrederia i verden. Dei transporterer smolt- og slaktefisk og utfører sortering/telling av laks og ørret. Dei utfører også utsleppsfri parasittbehandling uten bruk av kjemikalier eller medikament.
22. september 2025
Kaffimøte
I dag var det medlemsmøte med informasjon frå styremøtet, og høve til fri drøs over ein kopp kaffi
15. september 2025
Korleis unngå å bli svindla på nett
Lillian Breivik og Wenche Ertesvåg frå
Sparebank 1 orienterte om dette stadig viktigare temaet
8. september 2025
Bedriftsbesøk hos Island Offshore
Trond Hauge og Andre Almestad tok vel imot oss på administrasjonsbygget på Stålhaugen i Ulsteinvik. Dei presenterte selskapet, drifta og aktuelle prosjekt.
1. september 2025
Erfaringar frå reklamebransjen i New York
Henrik Bakke Hareide delte sine erfaringar frå 9 år i Amerika
25. august 2025
Bedriftsbesøk hos Brimer
Lauritz Skeide orienterte om Brimer der han er sals- og markedssjef