Web Analytics Made Easy - StatCounter

Intercity-møte med Distriktsguvernør Vigdis Osbakk


Årets møte inkluderte Rotaryklubbene i Ulstein, Hareid og Herøy.
Rad 1 fra venstre: Distriktsguvernør Vigdis Osbakk (Alvarheim RK) og Assisterende Guvernør for Søre Sunnmøre - Greta Kristi Herje (Sykkylven RK
Rad 2 fra venstre: Bjørn Gunnar Tafjord (President Ulstein RK), Bjørn Teigene (President Hareid RK), Bjørn Martin Aasen (President Herøy RK)

Presidenten i Ulstein RK presenterte styret for 2019-2020, kommiteane, mål og planar, medlemskapskommité, ungdomsarbeidskommité, informasjons- og kommunikasjonskommité, lokal og regional prosjektkommité.  

Distriktsguvernøren var veldig nøgd med å ha hatt møte med tre bjørnar, Bjørn Gunnar frå Ulstein, Bjørn Martin frå Herøy og Bjørn Teigene frå Hareid. Ho informerte om rolla til guvernør og assisterande guvernør. Ass. Guvernør skal kontaktast om ein treng støtte frå distriktet, søkje midlar etc.  

Guvernør skal vidarebringe informasjon frå Rotary internasjonal. Vi er ein stor organisasjon, 1,2 millionar, som veks mykje i Østen, som til dømes India. Rotary connects the world er årets tema, og guvernøren har tru på at Rotary-nettverket vi har både lokalt og internasjonalt er til stor nytte for oss. Ho var først på opplæring i Norge med dei fem andre distriktsguvernørane, så på opplæring i Vilnius (sone 18, nordisk), og så på verdsmøte i San Diego, der distriktsguvernørane møtast kvart år. Mark Maloney frå Illinois er RI-president, og han oppfordrar Rotaryklubbar til å trekke med familiane sine inn i Rotaryarbeidet og ikkje minst i sosiale arrangement. Guvernøren var også på Rotary convention, der alle Rotarianarar kan møte. Neste år går denne av stabelen 6.-10. juni i Hawaii, og ho oppmodarar lokale rotarianarar og klubbar til å delta, då det er mange nyttige seminar.  

Polio-prosjektet:

24.oktober er verdas poliodag. 

Polio er litt på framvekst i Afghanistan og Pakistan. 72 tilfelle av poliosmitte registrert i år, mot 33 i fjor. 13 av desse er i Afghanistan, og 49 i Pakistan.

Vårt distrikt bidrog med 100 000 kr, som utgjorde 400 000, sidan Melinda og Bill Gates-fondet triplar vår innsats. Poliovaksinen varer berre i ti år, og Re kommune set i gang ein revaksineringskampanje så ein ikkje skal bli smitta når ein er på reise. Polio finst enno i 50 land, og reisande kan ta med seg smitte. Polio har seineffektar, og personar om har vore smitta kan utvikle lammingar seint i livet. Det er difor viktig å oppretthalde fokuset på å utrydde polio. 


Annual fund:

Sist år 27 usd pr person, 47.824
Global grants: Kun eit lokalt: Armenia Gümri – Hareid RK – mor-barn klinikk. 

Distriktet har 87000 som må brukast til global grants

District grants:

Ca 100 000 tilgjengelig til desse stipenda, Peru-prosjektet har fått midlar og vi har fått til gapahukane.

Samfunnsengasjement er viktig, og kan kvalifisere til district grants. Guvernæren oppmodar oss til å søkje.

Sommercamps – Ungdomsutveksling

Land RK tok imot ungdommane først, sende dei til Dombås, der dei vart henta av Sunmmørsklubbane.

Eittårig ungdomsutveksling:

Vi har kun to ute i vårt distrikt, guvernøren vil løyve 10000 kroner til klubbane som tek imot.

Ungdoms- og tiltaksfondet:

Norfo hadde dette fondet, som vart overført til vårt distrikt. Midlane skal brukast til ungdom og tiltak, og statuttane skal vedtakast på årsmøte 22.09. Distriktet har også fått 400 000 frå NORFO som no skal delast ut. Ingen søknadsfrist. 


Aldersprofil:

Aldersprofilen i klubbane våre er veldig bra. Kva kan vi gjere for å tiltrekke oss generasjon Y, dvs. unge fødde frå 1980 – 2000. Desse unge treng ein sosial arena der dei kan bidra lokalt, ønskjer å kome inn i ein klubb som støttar dei opp, der dei kan seie at dette  dei har vore med på å skape. Viktig at unge som kjem inn får fortelje kva dei ønskjer å bidra med.

Medlemsvekst

129 slutter årlig i vårt distrikt. Mange sluttar første året dei er medlemmer, men dei fleste som sluttar har vore medlem i over ti år. Reduksjon i distriktet på 21 – 42 medlemmer årleg. Kvinneprosenten er framleis låg, best an ligg Herøy med 25 % kvinner. Guvernøren slår eit slag å rekruttere fleire kvinner.

Tap av klubbar:

Distriktet har mista ti klubbar sidan 1990

Rotary foundation:

Gunnar Kvalsund har tatt over som kontaktperson.

Ungdomsutveksling:

Ulf Rogneby har tatt over som kontaktperson.

Link til referat: LINK

Referat v/Lidun Hareide - sekretær





Ekteparet Vigdis Osbak (DG) og  Hans Olav Osbak

Foto: Jan Einar Saunes



 
Bedriftsbesøk Mjøl & Meir

19. juni 2023

Bedriftsbesøk Mjøl & Meir

Magnar Hatløy informerte om ei imponerande bedrift i hjartet av Ulsteinvik

Guidet tur på Kvitneset

12. juni 2023

Guidet tur på Kvitneset

Intercity med Hareid Rotaryklubb

Glimt fra kommunalt arkiv Møre & Romsdal

24. april 2023

Glimt fra kommunalt arkiv Møre & Romsdal

Ved Åsta Vadset

Skattemeldingen 2022

17. april 2023

Skattemeldingen 2022

I dag holdt Thor Martin sin årlige gjennomgang av skattemeldingen, og dei siste endringane i skattesystemet og skattenivået.

Torskemiddag og nytt Rotarymedlem

10. mars 2023

Torskemiddag og nytt Rotarymedlem

Vi ønsker Gourmetkokk Willy Solvang hjartelig velkommen til klubben vår.

Hødd i 2023

13. februar 2023

Hødd i 2023

Trenarane Joakim Dragsten og Ørjan Heiberg fortalde om visjonane dei har med Hødd til komande sesong.

Nye Ulsteinvik Barneskule

6. februar 2023

Nye Ulsteinvik Barneskule

Godt oppmøte for foredrag og omvisning holdt av Karen Strand (Rektor).

HAV Hydrogen

30. januar 2023

HAV Hydrogen

Kristian Osnes frå HAV hydrogen heldt foredrag om framtidens moglegheiter rundt hydrogen og nullutslipp i maritim næring.

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

24. januar 2023

Bedriftsbesøk - Jets Vacuum

Anne Holstad og Kim Egil Skeide gav oss et svært interessant innblikk i dagens produksjon og historien bak suksessbedriften Jets Vaccum.

Bedriftsbesøk DIMO

16. januar 2023

Bedriftsbesøk DIMO

Flott foredrag og omvisning i en bedrift i stor vekst!

Følg oss gjerne på Facebook! 

Møteinformasjon

Møtested: Quality Hotel Ulstein
Adresse: Sjøgata 10
Postnummer: 6065
Sted: Ulsteinvik
Land: NO
Møtedag: Mandag
Møtetid: 19:00
Møtespråk: no




Møtearkiv fra
før August 2022


rotary lenker

nyheter fra rotary INTERNATIONAL:

Loading RSS...

Nytt fra Rotary i Norge

Loading RSS...

nyheter fra vårt distrikt

Loading RSS...